Suldal Vekst og Sauda Vekst inngår næringshage-samarbeid

Suldal Vekst og Sauda Vekst inngår næringshage-samarbeid

Bilde_nodesamarbeid

Sauda Vekst blir no node til næringshagen Suldal Vekst gjennom næringshageprogrammet til SIVA.

Gjennom samarbeid og samhandling skal det skapast gode vilkår for vekst og nyskaping i eksisterande og nye bedrifter i kommunane. Partane har som føremål å realisere hovudmåla i næringshageprogrammet som oppsummert er auka verdiskaping. For å få dette til skal ein strategisk arbeide med kompetanse, nettverk og samlokalisering.

Eg er veldig glad for at me får eit formalisert samarbeid med Sauda Vekst gjennom denne avtalen. Næringshagane i Norge leverer gode resultat for og til sine bedrifter, slik også hjå oss. At Sauda og bedrifter der no blir deltakar i næringshageprogrammet gjennom eit nodesamarbeid gjer at me i enno større grad kan bidra til at bedriftene i regionen veks og gror. Å vere del av eit nasjonalt innovasjonsnettverk gir stor verdi for både samfunns- og næringsutvikling, seier dagleg leiar i Suldal Vekst, Laila Steine.

Ein styrka næringshage i Indre Ryfylke tufta på samarbeid over kommunegrensene vil gi oss muligheter me elles ikkje klarer å oppnå kvar for oss, seier Inge Løyning, dagleg leiar i Sauda Vekst. Samarbeid og sterke nettverk er avgjerande for vår felles utvikling. Med næringshagesamarbeidet viser me omverda at me evner å samhandla og finna felles fokusområde for kommunane våre. Dette samarbeidet er starten på ei framtid der vekst også vil vera ein del av vår kvardag. Sauda Vekst ser på dette samarbeidet som eit viktig steg framover for vår næringsutvikling i Sauda.

Næringshagesamarbeidet peikar i retning av å ha tre søyler og fokusområde i første omgang, dette er kraft/energi, reiseliv og gründerskap.

Dermed er Suldal Vekst og Sauda Vekst i ferd med å etablere ein regionalt næringshagestruktur i Indre Ryfylke. Suldal Vekst har rolla som hovudmiljø med utviklingsressurs og blir koordinator mellom partane. Sauda Vekst vil ha rolle som drivar av node-miljøet i Sauda.

For meir informasjon ta kontakt med

Laila Steine, dagleg leiar Suldal Vekst
mob: 97775757

Inge Løyning, dagleg leiar Sauda Vekst

mob: 41605642

« Tilbake til arkivet