Lanserer nye leiker

Foto: Beljo
Foto: Beljo

Terje Gundersen likar godt å leike. No er han i ferd med å utvikle eit heilt nytt leiketøysmerke, Beljo.

  • Visjonen vår er ; We build smiles, seier Gundersen og smiler.

Han vil gjerne lansere solide leiker som triggar barna sin kreativitet, kjennemerket til leikene han har utvikla er byggesett der ei patenterbar magnetkopling gjer produkta unike. Teknologien sikrar at delane både heng godt saman, og likevel er raske å ta ifrå kvarandre når ein brukar rette metoden. Dette skaper stor leikeverdi og gir ungane høve til å setje saman køyretøya på ulike måtar. I første omgang er det planlagt ein serie med dumper, skogsmaskin og traktor. Men det er berre byrjinga, på teiknebordet har Gundersen omlag 60 produkt liggande klare.

Gründeren som starta opp prosjektet med Beljotoys for fire år sidan vil gjerne stiumlere til at barna skal bruke kreativiteten sin og utvikle seg ved å møte nye utfordringar. Sjølv er han far til tre gutar og har fått ei formeining om kva leiker som fengar dei. Etter kvart kom ideen om å lage ein eigen leikekolleksjon.

Viktig med nettverk

  • Eg jobba som lærar og deltok på eit etablerarkurs for å få kunnskap om kva som måtte til for å drive ei eiga bedrift. Kunnskapen skulle eg bruke inn mot elevane, og ikkje på meg sjølv. Men i kurset vart eg utfordra på at eg måtte ha ein konkret idè eg kunne bruke, og dermed byrja snøballen å rulle.

Tida etterpå har han brukt til å knyte nettverk, utvikle ideen og bygge opp bedrifta Beljo, som har fått namn etter forbokstavane i namna til sønene. No er han komen skikkeleg i gang, prototypane på produkta er klare og han har fått lansert dei på fleire internasjonale arenaer. Sist no på verdas største leiketøysmesse, Spielwarenmesse, i Tyskland.

  • Det er viktig for meg å bygge nettverk, og no blir finansiering og potensielle investorar veldig viktige for å få produktet ut i produksjon. Er me heldige kan me nå julehandelen i 2014.

Målet er å lansere ein nettbutikk og handtere det meste av den norske og nordiske marknaden sjølv. Ute i resten av verda, spesielt i store marknadar som USA , blir det viktig med gode avtalar og distributørar.

Vil skape eigen arbeidsplass

Vegen for å realisere draumen om eit eige leiketøysmerke har ikkje vore utan problem. Gundersen legg vekt på at utfordringane har vore mange, men at det viktigaste er å ta seg god nok tid slik at det blir kvalitet i alle ledd.

  • For meg er det viktig at alle ledd, heilt frå idè, nettverksbygging, produksjon og distribusjon er seriøst, kvalitet og etisk korrekt. Då treng ein tid til å sikre seg at alle ledd er på plass.

Han trekkjer fram næringshageprogrammet til SIVA og Suldal Vekst som viktige faktorar for at han har nådd måla sine så langt, i tillegg til bedrifta Pavels Innovation i Skien som har vore med på utvikling av produktet og ikkje minst den viktige marknadsføringa.

  • Etablerarkurset eg gjekk på ufarleggjorde det å satse. Det passa meg godt å ta det kurset, eg fekk innblikk i heile prosessen frå idè til bedrift, seier gründeren som no mest av alt drøymer om å skape sin eigen arbeidsplass i heimkommunen Suldal og bidra til vekst i lokalsamfunnet.
  • Dette er viktig for meg. Og utan det lokale støtteapparatet i Suldal Vekst hadde eg ikkje klart det, dei har viktig kompetanse på bedriftsutvikling som eg ikkje har.
  • Målbedriftsavtalen er også viktig økonomisk, som grunnlag for å gå vidare med draumen. Eg må ha noko i botnen for å klare å utvikle ideen.

Han vil gjerne tipse andre gründerar om at ein ikkje treng vere livredd for at andre skal stele ideen din, og at hardt arbeid er det einaste som må til for å nå måla.

  • Ta ikkje eit nei for eit nei, eit nei kan bety eit kanskje. Og eit kanskje kan bety eit ja. Det handlar om å aldri gi opp, slår han fast.

Tekst: Judith Sørhus Litlehamar

Foto: Beljo
Foto: Beljo

Beljo

Lanserer nytt leiketøysmerke, med unik magnetkopling.
Terje Gundersen drøymer om å skape arbeidsplassar og verdiskaping i lokalsamfunnet.
Håpar å få produkta i produksjon slik at dei er ute på marknaden seinsommaren 2014.

 

« Tilbake til arkivet