Koplar filmfolk og skipsindustri

FILM Ulstein verft har fått laga film i Sunnmøre kulturnæringshage, der det er ulike firma og folk med kompetanse. Fv Eirik Vaage i Frost Media AS, Ricardo Bjerke i Firegrader AS, Tonje Alvestad (frå Ulstein), Atle Vassbotn Remmereit, Marius Beck Dahle, Martin Folldal og Jon Brekke.
FILM Ulstein verft har fått laga film i Sunnmøre kulturnæringshage, der det er ulike firma og folk med kompetanse. Fv Eirik Vaage i Frost Media AS, Ricardo Bjerke i Firegrader AS, Tonje Alvestad (frå Ulstein), Atle Vassbotn Remmereit, Marius Beck Dahle, Martin Folldal og Jon Brekke.

Tekst: Anne-Mari Tomasgard

Det er kort veg gjennom den “kreative tunnelen”. Det er eit kjempepluss at filmfolka er samla her i Volda, seier Tonje Alvestad i kommunikasjonsavdelinga i Ulstein. I samband med overlevering av “Island Performer” sist veke har Ulstein Verft fått laga ein kort film. Filmen er laga av aktørar som er knytt til Sunnmøre kulturnæringshage i Volda.

Rekruttering

På halvtanna døgn har filmen fått over 3.000 visningar via sosiale media. Og Alvestad fortel at dei har fått mange positive kommentarar, som at folk skriv at dei får lyst til å kome heim når dei ser filmen. – Vi sel nok ikkje fleire båtar på grunn av denne filmen, men det handlar om omdøme og rekruttering, seier Alvestad.

Skip
Skip “Island Performer” er bygd ved Ulstein Verft i Ulsteinvik. Kjøpar var reiarlaget Island Offshore, også dei frå Ulsteinvik.

Kan båt

Kort veg mellom Ulsteinvik og Volda er ein ting, men det viktigaste er kompetansen.

– Det er ein kjempefordel at dei vi bruker kjenner båt og at vi slepp å lære dei opp, seier Alvestad.

Dei to miljøa har gjensidig nytte av kvarandre. For filmfolka i Volda er det viktig å få oppdrag lokalt, men dei jobbar også andre stader. – Det er viktig for oss å bli her, understrekar Atle Vassbotn Remmereit som har starta eige firma i næringshagen, parallelt med at han studerer ved Høgskulen i Volda.

Ricardo Bjerke har etablert seg i Volda med selskapet Firegrader. Og kompetansen han har fått på Sunnmøre om båtar, har gitt han større oppdrag også i Brasil, der han opphavleg kjem frå.

Fange interessa

Ulstein-filmen er kutta ned til om lag tre minutt, men råmaterialet er halvtanna døgn med film. Og filmfolka bak har verkeleg jobba for motiva. Eirik Vaage i Frost Media AS gjekk til fots til toppen av dei Sju systre i Geirangerfjorden, for å få dei rette bilda i samband med båtdåpen.

– Film er eit stadig meir brukt verkemiddel. Og filmen må vere kort for å fange interessa og ha verknad, seier Alvestad. Difor søkjer også Ulstein filmkompetanse med ungt og ferskt blikk på det med film.

Også musikken til filmen er laga på Sunnmøre. Robin Aasen frå Stordal er knytt til næringshagen Fjordhagen. Han har eige studio, der han har komponert musikken.

Næringshagen

Oppgåva til næringshagane er å kople saman aktørar, men dei treng ikkje nødvendigvis vere under same tak. Sunnmøre kulturnæringshage jobbar med å kople saman 28 ulike bedrifter. 12 av dei er i huset i Volda.

Martin Folldal er leiar for Sunnmøre kulturnæringshage. Og han ser at det er mykje god filmkompetanse samla. Han gler seg over at mange som har studert ved Høgskulen i Volda blir verande i distriktet for å satse på film og visuell kommunikasjon.

Verdsleiande

Folldal understrekar at kompetansen er høg, noko som er viktig for næringsliv som skal kjøpe tenestene: – Bedrifter som er i spiss på teknologi, må kommunisere den kvaliteten visuelt også. Dei må vere verdsleiande i måten å kommunisere på, meiner Folldal.

Han har merka seg at ein del utstyrsleverandørar i industrien har materiell som ser ut som det er frå 1980-talet, men også dette kan vere bevisst strategi – retta mot innkjøparar som er noko eldre.

Se filmen her: ‘Island Performer’ from ULSTEIN

 

 

« Tilbake til arkivet