Vil inspirere til meir vitskap

Linda Liem vil skape engasjement og interesse for vitskap og naturfag, både i skulen og for folk flest.

Tekst: Judith Sørhus Litlehamar

Kompetansebedrifta BlueDot som held til på Sand i Suldal utviklar og gjennomfører vitskaps – og teknologiprosjekt basert på opplevingsbaserte læringsmetodar og lærarkurs i praktisk naturfag. lærarkurs . Linda er utdanna biomedisinsk forskar, har doktorgrad i medisin og mykje erfaring med farmasøytisk kommunikasjon og trening, vitskapelege formidling og realfagopplæring. – For oss er det ei viktig oppgåve å vise at me brukar naturfag og realfag i kvardagen. I tradisjonell undervisning i skulen er det mykje teori og mykje fakta, me vil gjerne at elevane skal tenkje meir sjølve, og finne fram til dei gode løysingane på praktiske utfordringar. Det lærer dei meir av, seier Linda. – For elevane kan det vere både frustrerande og spanande når dei er vane med å finne eit svar med to strekar under, i røynda er det ikkje alltid så enkelt.

Målet er å skape interesse og engasjement for vitskap og naturfag, ikkje berre for skuleelevar, men for folk flest. Slik kan ein styrke realfag og kompetanse i mange yrker som treng framtidig rekruttering, meiner Linda.

Linda Liem brenn for å gjere vitskap og naturfag tilgjengeleg for både elevar i skulen og folk flest. Foto: Judith Sørhus Litlehamar

Må finne gode løysingar

Linda og BlueDot er i ferd med å bygge opp både eit nasjonalt og internasjonalt nettverk for å bli leiande i landet i utvikling og gjennomføring av opplevingsbaserte vitskap- og teknologiprosjekt. Blant anna samarbeider Linda no med Jærmuseet sin avdeling Science Circus, eit vitensenter på hjul som oppsøkjer skular i regionen. Linda er museet sin forlenga arm i nordfylket og kan besøkje skular med vitensenterprogrammet.

– Det er veldig kjekt, i samarbeidet får me ta del i eit større nettverk, og får tilgang på mykje kjekt utstyr me får bruke i opplæringa.

Linda viser fram ei enkel vindmølle som elevane kan bruke for å lære korleis ein lagar straum, og korleis kan ein få to blomsterpinnar og nokre hjul til å bli ein bil?  Elevane likar å få slike utfordringar mellom hendene, dei likar å bygge ting, teste og utforske.

Opplevingsbasert undervisning

Linda og BlueDot har også fått kontakt med den amerikanske bedrifta Socratic Arts , som er spesialisert i læring gjennom målbaserte scenario. Socratic Artshar gitt Linda løyve til å bruke undervisningsopplegg som dei har utvikla i den norske skulen. Til no er det suldalsskulane som har fått lov til å prøve ut pilotprosjektet som Linda håpar ein etter kvart kan tilby fleire skular. Framover vil ho også satse på å kurse lærarane i den opplevingsbaserte undervisningsmetoden. – Terskelen for å ta i bruk nye undervisningsopplegg kan vere høg for mange, men mange meiner det er kjekt å prøve noko nytt også.

Like så viktig som undervisning i skulen er jobben med å formidle vitskapen på ein enkel måte for folk flest. Noko som var bakgrunnen for at BlueDot under Ryfylkedagane på Sand inviterte inn i verkstadhallen til Sand Servicesenter der det vart rigga til eit planetarium og show om stjernebilete og underverken på himmelen.

Viktig nettverk

Linda set pris på nettverket ho har fått gjennom Suldal Vekst og næringshagen. Ikkje minst har Kvinnovasjonsnetverket og målbedriftsavtalen vore med å lagt grunnlaget for å utvikle undervisningsopplegg bedrifta no kan tilby skulane. – Samspelet er viktig, me har hatt behov for å få hjelp av eit større nettverk, ikkje minst til å klare reint bedriftstekniske utfordringar. Det er også nyttig å møte andre gründerar for å høyre korleis deira kvardag er og korleis dei takle utfordringar.

Linda likar godt rolla som gründer, ho likar å bygge opp eiga bedrift og fridomen i å styre eigne prosjekt. Baksida av medaljen er at ein må sikre sine eigne inntekter og stå for innsalet av jobbar åleine. -For meg er det viktig å jobbe med tema som eg brenn for, då er det kjekt å kunne drive med utviklinga av si eiga bedrift, slår Linda fast.

Fakta:

BlueDot utviklar og gjennomfører opplevingsbaserte vitskaps – og teknologiprosjekt, lærarkurs i naturfag og populær-vitskapelige arrangement. Linda Liem er utdanna biomedisinsk forskar, har doktorgrad i medisin og mykje erfaring med farmasøytisk kommunikasjon og trening, vitskapelege formidling og realfagopplæring. Ho jobbar i tillegg som sjølvstendig medisinsk skribent.

 

« Tilbake til arkivet