Designhotell i utvikling

Foto: Dag Jenssen
Foto: Dag Jenssen

Tekst: Judith Sørhus Litlehamar

Energihotellet på Nesflaten er i ferd med å etablere seg som ei designperle av eit distriktshotell.

Energihotellet ber namnet sitt med rette, her er det ekte krafthistorie – design og arkitektur i veggene. Med opphavlege 60-talsmøblar frå Sven Ivar Dysthe, gullpeis, slåande utsikt over Suldalsvatnet og ein særprega arkitektur teikna av Geir Grung skil hotellet seg kraftig frå andre distriktshotell.
Me prøver alltid å vise fram heilskapen i den særprega arkitekturen på Nesflaten, både driftssentralen til Hydro som ligg her, hotellet og dei særprega bustadane i Kilen der blant anna flatt tak er eit kjennemerke. Arkitekturen her oppe ber preg av ein unorsk materialbruk med mykje betong og store vindauga, det handlar om å ta naturen inn i bygningane, seier Olav Lindseth som driv Energihotellet saman med kona Gunhild Moe.
Han viser til at arkitekturen er funksjonalistisk og gjenkjenneleg som den modernistiske stilretninga brutalisme. Stilretninga var aktuell mellom 1950 – og 1970, den ber preg av ein utprega betongbruk, ærleg materialbruk og enkle former.
Me seier at me er eit designhotell, men ikkje eit av dei som er konstruerte som eit hotell. Her er det krafthistoria og arkitekten som har arbeidd fram designuttrykket, seier Lindseth.

Foto: Dag Jenssen
Foto: Dag Jenssen

15 nye rom
Hotellet har i dag 14 dobbeltrom med 28 sengeplassar, men no utvidar ein designhotellet med 15 nye rom og konferansesal. Dermed er ikkje Energihotellet eit av Rogalands mindste hotell lenger, og kan ta imot større grupper enn før.
Me såg det veldig tidleg at 14 rom er for lite, og no har me fått sjansen til å bygge ut slik at me har meir å tilby. Me vil aldri bli store, då er me redde for at konseptet vårt blir endra, men såpass store som dette er det nok lurt å vere, slår Lindseth fast og viser til at ein sjølvsagt er trufast mot den arkitektoniske stilretninga og kraftkulturen, også i nybygget.
Historieforteljinga er eit av våre sterkaste kort og noko av det gjestene set mest pris på. Me ser på anbefalingar frå gjestene våre at det er vertskapsrolla me er best på. Og dei fleste blir slått ut av den fine utsikta som møter dei på innsida av hotellet.
Om fem år håpar eg me har brukt denne utbygginga og arkitekturen godt i marknadsføringa slik at me har fått oss eit godt rykte.

Viktig nettverk
Ekteparet meiner nettverskbygging er noko av det viktigaste for å oppnå suksess. Ein må vere der ute for å delta i samfunnsbygginga, i næringspolitiske spørsmål og for å lære av andre og eigne sine feil, meiner Lindseth. Sjølv har han fleire verv i det lokale næringslivet, medan kona Gunhild er profilert i kunstmiljøet i Rogaland.
Det er også noko av det viktigaste Suldal Vekst og Næringshagen har bidratt med inn mot oss. Me er i tillegg blitt kjent med systemet og fått nokre korrigeringar om korleis og kor me kan utvikle oss. Målbedriftsavtalen gir oss eit betre økonomisk utgangspunkt, i denne utbygginga fører den avtalen til at arbeidet blir meir gjennomført enn det hadde blitt utan den økonomiske støtta.

Økonomiske utfordringar
Lindseth og kona Gunhild Moe kom til Energihotellet i 2008, i ei vanskelege tid, reint samfunnsøkonomisk. Etter den tid har ekteparet gjennomført ein betydeleg snuoperasjon, ikkje minst er fokuset blitt meir flytta frå å vere eit reint konferansehotell og over til turisme. I dag er også hotellet brukt av entrepenørar som tar del i store utbyggingsprosjekt i kommunen, noko som gir ei meir forutsigbar drift, meiner Lindseth.
Me har ikkje dei store budsjetta me kan handle innanfor. Me må drive marknadsføring som ikkje kostar for mykje, difor satsar me på jungeltelegrafen og sosiale medium, og det fungerer bra, seier hotellsjefen. Hotellet har dei siste åra opplevd meir merksemd for konseptet og designen både nasjonalt og internasjonalt.
Kva skulle du gjerne visst i 2008, som du veit no?
Mykje. Men mellom anna at det er vanskeleg å bemanne eit hotell som har ein topp i august og september, og som treng fire gonger så sterk bemanning på sommaren som på vinteren. Hadde ein løyst den utfodringa tidlegare kunne mykje sett annleis ut, men eg er ikkje sikker på at det finst noko betre løysing der.
Hotellet baserere seg på lokal arbeidskraft i dag, noko som også kan vere ei utfordring sidan arbeidsløysa i kommunen er særs låg.

Fakta:
Olav Lindseth og Gunhild Moe driv Energihotellet på Nesflaten i Suldal. Hotellet har i dag 14 dobbeltrom med 28 sengeplassar, no utvidar ein designhotellet med 15 nye rom og konferansesal. Energihotellet ber namnet sitt med rette, her er det ekte krafthistorie – design og arkitektur i veggene.

 

« Tilbake til arkivet