Med store kundar i lita bygd

To og eit halvt år etter at Firegrader etablerte seg i Volda aukar talet på tilsette, og verksemda satsar på vidare vekst.

Tekst: Joachim Kroken Åsebø

CGI-verksemda (computer generated imagery) Firegrader var den første bedrifta som flytta inn i Sunnmøre kulturnæringshage, og vart starta opp av grunnleggjar Ricardo Bjerke frå Brasil. Gjennom dei snart tre leveåra til verksemda har det stadig vorte teke nye steg, og kundemarknaden er frå lokale bedrifter til store internasjonale selskap som t.d. Ulstein group, Havyard, Viking og Coca-Cola. Hovudkontoret til selskapet er i Volda, og i tillegg har tre faste tilsette som arbeider i Brasil. Etter å ha vore aleine Volda bestemte Bjerke seg for at det var på tide å ekspandere på hovudkontoret, og nyleg vart Ante Lundberg tilsett.

 - Utvidar: Ante Lundeberg er tilsett i Firegrader i Volda, og saman med grunnleggjar Ricardo Bjerke har dei von om at verksemda skal ta nye steg og halde fram med veksten dei har hatt til no.
– Utvidar: Ante Lundeberg er tilsett i Firegrader i Volda, og saman med grunnleggjar Ricardo Bjerke har dei von om at verksemda skal ta nye steg og halde fram med veksten dei har hatt til no.

– Som gründer må du ha på mange forskjellige hattar, og er du aleine så vert det over tid ein flaskehals. No var det på tide å ekspandere i Volda, og i Ante får vi inn ein person som også kan bruke mange hattar. Vi ynskjer å levere det beste for kundane vår, og ha god kundebehandling. Når vi er fleire som arbeider her så har vi og von om å vekse meir, seier Bjerke.

Ifølgje Lundberg var tilbodet frå Firegrader noko han ikkje kunne seie nei til. – Som volding tykkjer eg at det er spennande at ei slik bedrift satsar her, og eg ynskjer å vere med på laget. Eg skal m.a. følgje opp kundar og leverandørar i min jobb, og vert litt altmoglegmann. Vi har lyst til å satse og nå lenger ut, men vi ynskjer også å arbeide med lokale kundar, seier Lundberg.

Firegrader har gode relasjonar til fleire byrå, og ifølgje Bjerke er I&M kommunikasjon i Ålesund ein god partnar. Med den maritime klynga i nærleiken har det vorte ein naturleg marknad å sikte seg inn på, men Bjerke seier at siktar seg mot fleire marknader.

– Arbeidet som vi gjer er veldig fleksibelt, og passar nesten til alle marknader. Treng eit selskap 3D-arbeidet kan vi levere det. Den maritime industrien er svært stor, men reklame i området her har stort potensial.

Kvart år har Firegrader vore i vekst, og det er ei utvikling som dei ynskjer å halde fram med. – Vi leverer berre produkt som vi er stolte av, og om vi kan halde fram med veksten så vert vi glade.

© Møre-Nytt

 

« Tilbake til arkivet