Ny næringshage i Hardanger

Ein ny regional næringshage i Hardanger er under etablering. No søkjer dei råd hjå næringshagen Suldal Vekst og andre næringshagar for å sjå korleis ein får på plass gode utviklingsmiljø.

Tekst: Judith Sørhus Litlehamar

Me gler oss til å få den regionale næringshagen i Hardanger på plass, den vil saman med Hardangerbrua binde regionen meir saman, meiner Torleiv Ljones. Ljones er dagleg leiar i Kvam Næringsråd og har arbeidd aktivt det siste året for å få næringshagen etablert. Hardangerkommunane Eidfjord, Granvin, Jondal, Kvam, Ullensvang og Ulvik vil inngå i den nye næringshagen og hardangerbedriftene blir aksjonærar. Allereie har den nye næringshagen 25 medlemsbedrifter. Hardangerkommunen Odda har ein eigen næringshage.

Viktig utviklingsmiljø

Det er veldig kjekt og viktig at ein får på plass eit utviklingsmiljø og ein næringshage i Hardangerregionen, meiner Laila Steine som er dagleg leiar i Suldal Vekst og styreleiar i Næringshagane i Norge. Næringshagane er eit nasjonalt nettverk og har om lag 50 næringshagar over heile landet, dei aller fleste er tatt opp i det nasjonale næringshageprogrammet til SIVA. Næringshagen i Hardanger vart tatt opp i dette programmet i sommar, noko Ljones meiner er særs positivt. No håpar han ein dagleg leiar er på plass i løpet av hausten. Det blir viktig for oss å posisjonere oss som ein regional aktør der bedrifter både kan utvikle seg og der ein kan finn eit stimulerande miljø for å starte opp nye bedrifter. Difor blir det viktig å finne rett person til stillinga, slår han fast.

Torleiv Ljones og Laila Steine meiner ein ny regional næringshage i Hardanger blir positivt for næringsutviklinga i regionen. Foto: Judith Sørhus Litlehamar
Torleiv Ljones og Laila Steine meiner ein ny regional næringshage i Hardanger blir positivt for næringsutviklinga i regionen. Foto: Judith Sørhus Litlehamar

Godt samarbeid

Han meiner det er viktig å sjå korleis andre næringshagar har løyst utfordringane og meiner Suldal Vekst er ein av dei som har klart å posisjonere seg som eit viktig utviklingsmiljø for næringslivet. For oss blir det viktig å fokusere på lokalprodusert mat, me er gode på det frå før, men manglar ei god organisering. Maten er eit viktig næringsgrunnlag for oss. I tillegg blir mange samarbeidssaker viktige, til dømes blir det sentralt for oss å samarbeide både med Voss og Ryfylke om å utvikle den indre stamvegen, rv 13. Her er mykje uoppdaga turistområde, meiner Ljones.

 

« Tilbake til arkivet