Næringshagen doblar talet på tilsette

Tekst: Tor Halvorsen Avisa Hordaland

voss
TRENG FLEIRE FOLK: Frode Rokne (ståande) er dagleg leiar i Næringshagen på Voss, og skal tilsetja to til i løpet av hausten. Her saman med Thomas Hårklau i Kitemill, som er medlem i næringshagen.

Midt i valkampen kom statsministeren med seks millionar kroner til Næringshagen på Voss. – Pengane skal brukast til det beste for næringslivet i regionen, seier dagleg leiar Frode Rokne. Fem prosjekt i Noreg nådde opp etter at SIVA i mai lyste ut 30 millionar kroner til næringshagane i Noreg. Næringshagen på Voss fekk åleine seks av dei 25 millionane som faktisk vart delte ut. No skal næringshagen rekruttera to nye personar som skal arbeida med å støtta næringslivet i heile regionen.

Regionsenter

For Næringshagen på Voss sin søknad om pengane frå SIVA handlar nettopp om planen for eit regionsenter. Målsetjinga er å etablera eit regionalt kompetansesenter for næringsutvikling, innovasjon og vekst, som omfattar minst seks kommunar og 50 målbedrifter. I dag omfattar næringshagen Voss og Vaksdal, men ein ser både nordover og austover for å utvida. Vidare skal det på plass eit forprosjekt for ein innovasjonsHUB, altså eit veksthus for næringsutvikling og innovasjon, eit miljø som er tenkt å innehalda både gründerar, etablert næringsliv, ein inkubator, ulike andre verkemiddelapparat og kanskje ein utdanningsinstitusjon.

Fleire tilsette

I dag har Næringshagen på Voss to tilsette, men i haust blir det lyst etter to til, ei stilling innan forretningsutvikling og ei som rettar seg meir mot sal og marknadsføring. – Fleire tilsette i miljøet vil vera til det beste for næringslivet i heile regionen, seier dagleg leiar Frode Rokne. Og det er nettopp det pengane frå SIVA skal nyttast til. I tillegg til å gjennomføra forprosjektet til ein innovasjonsHUB, eit multifunksjonshus som skal lokaliserast på Voss, men vera til tilgjengeleg for næringslivet i heile regionen.

Sterk posisjon

Frode Rokne seier stoda i næringslivet på Voss og i omegnskommunane ser ut til å vera god, trass i at norsk økonomi er noko svekkja etter fall i olje- og gassprisen. – Valutasvekking er faktisk ein styrke for viktige næringar på Voss, som reiselivet. Det ser me også når Destinasjon Voss syner fram svært god vekst i tal på overnattingar, seier Rokne. Han meiner det er viktig for næringshagen å byggja vidare på det næringslivet i regionen er gode på, gjennom kompetanseheving, møteplassar, nettverk og innovasjonsrådgjeving. – Og her har næringshagen ei viktig rolle å spela i åra som kjem. Eg registrerer også at alle dei tre bankane på Voss har lagt fram gode tal så langt i 2015, det er også ein indikator på at næringslivet går relativt bra.

« Tilbake til arkivet