ReNorway sin fyrste energisentral i drift i Ulsteinvik

Tysdag 17. november ble Ulstein Fjernvarme sitt sjøvarmeanlegg i Ulsteinvik på festlig vis opna, og dermed er ReNorway sin fyrste energisentral eit faktum. – Vi er veldig stolte over å ha levert vår fyrste energisentral, og det er ein glede å jobbe saman med Ulstein Fjernvarme som vågar å tenke nytt og framtidsretta, seier Stephan ter Stege, dagleg leiar i ReNorway.

 

ReNorway frå Nordfjordeid er prosjektleiar for Forskings- og Utviklingsprosjektet i Ulsteinvik der leveranse av dei første tre energisentralane i anlegget og tilknytt utviklingsarbeid inngår. Øen Kuldeteknikk frå Hornindal, ekspert på varmepumper, er engasjert som sentral samarbeidspartnar. Ulstein Fjernvarme har sjølv også ei viktig rolle i prosjektet. Dei overordna måla for FoU-arbeidet er å bruke mindre energi, betre økonomien, og designe ei varmepumpe som i mindre grad påverkar global oppvarming. – Også kompetansen vi, og spesielt Ulstein Fjernvarme, har tileigna oss i løpet av prosjektet er viktig for å auke lønsemda for heile anlegget, seier Stephan ter Stege, dagleg leiar i ReNorway.

renorway
Energisentralen på Sjøsida 1 Ulsteinvik: Her er varmepumpa som leverar miljøvenleg energi til kundane ved Sjøsida 1. Foto: Ulstein Fjernvarme

Anlegget er eit resultat av lokalt og regionalt samarbeid. – Eg ønskjer å dra fram miljøet i Nordfjord som med si erfaring og sitt utviklingsarbeid har bidrege til å finne betre løysingar enn ein vanlig leveranse hadde gjort, seier Øyvind Amdam, dagleg leiar i Ulstein Fjernvarme AS. Han er glad for at dei har valt denne samarbeidsmodellen. Frank Øen, teknisk leiar i Øen Kuldeteknikk, seier seg einig om samarbeidet. – Samarbeidsmodellen med ei gruppe av lokale og regionale spesialistar fungerer. Ved å setje seg rundt bordet og diskutere tverrfaglege utfordringar saman, blir det nye løysingar. Både miljøet i Nordfjord og Ulsteinvik har mykje å hente på å jobbe meir saman.

Installasjonen og oppstarten av energisentralen er berre første leveransen i FoU-prosjektet. No følgjer ein testperiode på tre månader. Utviklingsarbeidet for dei andre to sentralane held fram parallelt med dette. Desse sentralane skal forsyne omsorgsbustader i Holsekerdalen og idrettsanlegget Arena Høddvoll og andre bygg i Høddvoll-området. – Det som no blir gjort i Ulsteinvik skal vere eit stjerneeksempel på lønsam, fornybar fjernvarme som skal inspirere andre kommunar til å investere i fornybare løysingar, understrekar Amdam. – Vi må alle ta ansvar for miljøet og eg er veldig stolt av Ulstein kommune som leier an.

Sjølve opningsarrangementet går det an å lese meir om i Sunnmørsposten. Nett.no har også laga diverse interessante saker om sjøvarmeanlegget. Meir om heile sjøvarmeanlegget kan ein sjå og høyre meir om på NRK Møre: Vel ’Ulsteinvik fekk sjøvarmeanlegg’

« Tilbake til arkivet