Fekk gründerstøtte i ekspressfart

LINDÅS: – No er eg i gang med å utvikla verktøya som skal til, seier gründer Joachim Tvedt (20).

Tekst: Morten Sæle, Nordhordaland

Med god hjelp frå Nordhordland Næringshage og Innovasjon Norge er Joachim Tvedt frå Alversund no i ferd med å setta sin draum ut i livet. Han fekk tildelt gründerstøtte frå Innovasjon Norge i ekspressfart. – I løpet av fire dagar frå vi sende søknaden fekk vi melding om godkjent gründerstøtte, normalt har det gått tre- fire månader, seier Solveig Lerøy i Nordhordland Næringshage.

Seks til tolv i året
– Med den ekspressfarten dei no har, vil vi òg opp i ekspressfart. Vårt mål i år er ein ellar annan plass mellom seks og tolv nye søknader i år, seier ho. – Vi prøver å vera den lokale eksperten på dette arbeidet, få opp idear som kan skapa framtidig vekst og sysselsetting. Selskapet Joachim Tvedt har starta heiter Intelmedia AS, og ideen er å sjå etter nye modellar for bruk av sosiale medium for marknadsføring. Han har fått 150.000 kroner i tilskot for å få testa forretningsideen og produkta i marknaden.

Utvikla verktøy
– No er eg i gang med å utvikla verktøya som skal til, snakke med potensielle kundar, og få i gang ein test, seier Tvedt. Meir konkret kva ideen går ut på vil han ikkje røpa før produktet vert lansert. Det heile starta med ei blanding av ein idé og eit ønske om å starta noko eige.

GRÛNDERHJELP: Joachim Tvedt er no i gang med eigen verksemd med god hjelp frå Arve Frøyen (t.v.) i Innovasjon Norge og Nordhordland Næringshage. FOTO: PRIVAT
GRÛNDERHJELP: Joachim Tvedt er no i gang med eigen verksemd med god hjelp frå Arve Frøyen (t.v.) i Innovasjon Norge og Nordhordland Næringshage. FOTO: PRIVAT

Likar utfordringa
– For meg er dette veldig gøy, eg likar utfordringa det gir. Det er spennande å ikkje ha dei trygge rammene med å gå på jobb og få pengar ein lever greitt på, eg vil heller prøve nytt og satse, seier Tvedt. – Alle har moglegheit til å starte for seg sjølv i dag, det er berre å finne fram kreativiteten. God hjelp er veldig viktig, då vert terskelen lågare, seier han, og rosar Næringshagen. – Dei har vore til ufatteleg god hjelp, og er ekstremt flinke på det dei held på med, seier han. – Ideen kan vera fantastisk, men god hjelp og det riktige kontaktnettet er vel så viktig som idéen, seier Tvedt. – Det har vore ein del jobb, og ein god prosess. Alle gründerar må ha tru på sin idé, at det vil fungere. No blir det spennande å sjå, så får framtida vise kor tid eg er i gang, seier han. Nordhordland Næringshage har stort fokus på gründerverksemd.

Omstillingssamfunn
– Målet er å skape dei nye framtidige forretningsideane, og setta dei ut i livet i eit omstillingssamfunn vi ser her i regionen og til dels i Norge, seier Lerøy. – Innovasjon Norge endra intensiteten sin i å støtta gründerar med nye idear. Frå langsam og tung til meir effektiv. Målet vårt er å hjelpa gründerane fram og opp for få hurtig avklaring på om ideen er god nok til å bli business, og ei verksemd kan byggast opp, seier ho. – Vi ønsker oss masse gode menneske med gode idéar. Mange har tankar og idear, men veit ikkje korleis dei skal gå fram, det kan vi hjelpa dei med avklara, seier Lerøy.

« Tilbake til arkivet