Ny møteplass opna i Sløvåg

Tekst: Livar Aksnes, Strilen

Gulen og Masfjorden Næringshage skal hjelpa verksemder innan industri, service og oppdrett. – Me er den einaste næringshagen i landet som er spesielt innretta mot industri, fortel Veronica Haveland til Strilen. Ho er dagleg leiar i Gulen og Masfjorden Næringshage, som nyleg flytte inn i næringsbygget i Sløvåg. Næringshagen vart starta opp alt i 2013, men sidan næringsbygget vart forseinka, er det først no ein har kome skikkeleg i drift.

Hjelp og råd

– Me skal vera til hjelp både for eksisterande og ny verksemder, fortel Haveland. Sidan næringshagen er eigd av fylkeskommunane både i Sogn og Fjordane og Hordaland, skal dei hjelpa verksemder i begge fylka. – Og me rettar oss ikkje berre mot Gulen og Masfjorden, men og mot verksemder sørom Fensfjorden, seier ho.

NYUTDANNA: Veronica Haveland er relativt nyutdanna frå Høgskulen i Bergen, der ho har bachelorgrad i økonomi, administrasjon og leiing og fordjuping i innovasjon og entreprenørskap. Foto: Livar Aksnes
NYUTDANNA: Veronica Haveland er relativt nyutdanna frå Høgskulen i Bergen, der ho har bachelorgrad i økonomi, administrasjon og leiing og fordjuping i innovasjon og entreprenørskap. Foto: Livar Aksnes

Utvikling

Ei verksemd kan vera målbedrift i næringshagen, eller berre medlemsbedrift. Målbedriftene får spesiell oppfølging, medan medlemsbedriftene får tilgang til næringshagen sitt nettverk. – Til no har me fem målbedrifter, men håpar å auka til det doble i løpet av året, seier Haveland. Når det gjeld etablerte bedrifter, hjelper næringshagen til med utviklingsarbeid, medan gründerane får etableringshjelp, mellom anna om kor dei kan søkja støtte og rettleiing for korleis ein skal starta ei bedrift.

Nettverk

– Men næringshagen skal og vera ein møteplass og eit nettverk for næringslivet, seier Haveland. Næringshagen har seks kontorplassar i Sløvåg som dei leiger ut til interesserte verksemder, og eit stort møterom. – Me planlegg også ein temalunsj siste fredagen i kvar månad, der me vil ta opp aktuelle tema. Første temalunsjen vert no i februar, og då vil ein ta opp korleis ein skal utvikla eit samlokaliseringsmiljø.

– Elles er me opne for innspel, seier ho.

 - MØTEROM: Næringshagen disponerer eit møterom, som og kan utvidast. Foto: Livar Aksnes
– MØTEROM: Næringshagen disponerer eit møterom, som og kan utvidast. Foto: Livar Aksnes

Node på Matre

Næringshagen skal og vera eit tilbod til dei som vil eller har satsa på havbruk, og dette skal ein å byggja opp på Matre, der ein vil danna ein såkalla node. Der vil det vera fire kontorplassar, og ein vil ha eit visst samarbeid med Havbruksstasjonen. – På Matre er det planen å tilsetja ein dagleg leiar i halv stilling, seier Haveland. Ho er til no den einaste tilsette i næringshagen.

Nettside

Haveland fortel at næringshagen og har ei heimside, www.gmnh.no, der ein vil leggja ut informasjon om aktivitetar og andre nyttige opplysningar, mellom anna om korleis ein kan starta eiga bedrift. I næringsbygget held også Gulen og Masfjorden Utvikling (GMU) til, og dei driv også rettleiing for folk som vil starta eiga bedrift. – Men me har eit godt samarbeid og litt ulik innretting, seier Haveland, som er oppvaksen på Haveland i Gulen og no har flytt heim att. At ho har to små born, er nok populært i heimkommunen, som har stort behov for nye innbyggjarar.

« Tilbake til arkivet