Opna for stor-næringshage

Siva-direktør Ola Borten Moe oppmoda vesttelane med næringshageplanar om å tenke saman.
Gjennom samarbeid kan ein møte framtida – utan at det betyr samlokalisering og sentralisering,
understreka han.

I dag er det to næringshagar i Vest-Telemark, ein i Kviteseid og ein i Fyresdal. Minst tre til er under planlegging. Difor var det nok mange som sat med øyro på stilk då Siva-direktør Ola Borten Moe gjesta Vest-Telemark-konferansen torsdag. Siva er eit statleg selskap som har tilrettelegging for næringsliv og vekst som mål. Vest-Telemark næringshage i Kviteseid får støtte frå Siva, medan næringshagen i Fyresdal ikkje kom med i Siva, men har fått offentleg støtte frå kommunen og fylkeskommunen.

 Distriktsvenleg: Siva-direktør Ola Borten Moe veit at noko så enkelt som felles kaffi maskin kan utløyse mykje innovasjon – noko Distrikts-Noreg treng.
Distriktsvenleg: Siva-direktør Ola Borten Moe veit at noko så enkelt som felles kaffi maskin kan utløyse mykje innovasjon – noko Distrikts-Noreg treng.

Ein hage i kvar kommune

Borten Moe har stor tru på næringshagar som distriktsutviklingsverktøy. – Felles kaffi maskin kan utløyse overraskande mykje innovasjon, sa han til dei frammøtte på konferansen. Fire nye næringshagar er under planlegging i regionen: Ein i Tokke med Scana Mar-El som sentral aktør, ein i Seljord i Telebygget og Handelslaget og ein i Vinje med kulturell kjerne i tilknyting til Vinjesenteret. Også i Treungen er det planlagt ein næringshage. Borten Moe fekk spørsmål om det var aktuelt med fleire Siva-næringshagar i Vest-Telemark. Det hadde han vondt for å svare på, men understreka at å gjera Vest-Telemark næringshage større og meir regional var ein svært spennande tanke. Då meinte han ikkje at alt skal til lokala i Kviteseid, men at dei er positive til at ein kan opprette sidestilte avdelingar andre stader. Olav A. Veum, dagleg leiar i Vest-Telemark næringsforum, minna om at det er lite tenleg med eit «race» der kommunane kjempar mot kvarandre om å etablere næringshagar fyrst. – Me treng samarbeid. Næringslivet er ikkje opptekne av kommunegrenser, understreka han.

Interessant med kulturhage

Siva-direktør Ola Borten Moe var tydeleg på at grøne satsingar er viktig for dei framover, sjølv om han langt frå trur det er nokon krise i norsk økonomi og olja. – Kan me tolke deg slik at viss næringshagane i Vest-Telemark klarar å bygge opp noko innan grøn energi og samarbeide på tvers av kommunegrenser, så er det sjanse til å utløyse fleire Siva-midlar, spurte ordstyrar Olav A. Veum. – Ja, definitivt, svara Ola Borten Moe. Han fekk også direkte spørsmål om kva han tenkjer om næringshagar med kulturbasert næring, då ordstyrar Veum la spørsmålet i munnen på Vinje-ordførar Arne Vinje. Etter å ha fått presentert tankane om Vinjesenteret av ordføraren, karakteriserte Siva-direktøren prosjektet som «veldig spennande» og «definitivt interessant». Han nemnde Tindved kulturhage i Verdal som døme på ein velfungerande hage med kulturell basis.

«Bublehagen»

Tor Gunnar Austjord, styreleiar i Fyresdal næringshage, lanserte eit nytt omgrep på konferansen: – Likar ein ikkje ordet næringshage kan ein bruke «bublehagen», som nokon i Fyresdal no kallar det, fordi det boblar av idear der, sa Tor Gunnar Austjord, styreleiar i Fyresdal næringshage. Han understreka kor viktig det er med offentlege partnarar. – Me er ikkje Siva-næringshage. Men det betyr ingenting. Viss me vil ha dei tenestene, kan me berre bli med der. For oss har kommunen og fylkeskommunen vore kjempeviktige, sa Austjord, som berre no angrar på ein ting: At dei ikkje bygde større. Dei planlegg no 50 nye kontorplassar. Også fylkesordførar Terje Riis-Johansen applauderte arbeid med næringshagar, og fortalde at det no vil bli prioritert høgare i næringsplanen for Telemark. – Me vil veldig gjerne spela på lag med dei som planlegg næringshagar, sa han.

Plass til fleire: Om lag 120 konferansedeltakarar lytta til alt frå næringslivsdirektørar og små suksessbedrifter på Vest-Telemark-konferansen Straand Hotell i Vrådal.
Plass til fleire: Om lag 120 konferansedeltakarar lytta til alt frå næringslivsdirektørar og små suksessbedrifter på Vest-Telemark-konferansen Straand Hotell i Vrådal.

Kva gjer dei i næringshagane, eigentleg? Knut Erik Jordstøyl kom med eitt av Vest-Telemark-konferansens viktigaste innspel.

Knut Erik Jordstøyl frå Vinje slakteri tok ordet frå salen då ordet var fritt, og stilte eit viktig spørsmål til paneldeltakarane Knut Inge Skoland og Tor Gunnar Austjord: – Eg trur det er slik for folk flest, at me tenkjer på næringshagane som ein gjeng som har samla seg i eit hus og som lever i ei eiga boble der. Kanskje er det det som er «bublehagen»? Kan de ikkje koma ut? Informer andre folk og bedrifter om kva de kan og kva de kan hjelpe til med, oppmoda Jordstøyl. Tor Gunnar Austjord i Fyresdal næringshage tok innspelet til seg omgåande. – Takk for innspelet ditt! Me skal invitere alle bedriftene i Fyresdal til oss, svarte Austjord på direkten. Så står det att å sjå om dei andre næringshagane – både den som alt eksisterer i Kviteseid og dei som er under planlegging – tek innspelet til etterretning. Suksesslakter Jordstøyl og kona Aslaug Kostveit var på konferansen for å fortelje om vegen til suksessen med Vinje slakteri og hjorteoppdretten. Det ligg i Våmartveit, det vil seie midt i verda, i fylgje dei som kjem derfrå. Vinje slakteri slaktar 12–14 000 kilo vilt i året, og om lag 15 000 kilo småfe og storfe, både for jaktlag og lokale husdyr-produsentar. – Me slaktar alt som går an å flå, sa ekteparet, som fleire gonger fekk salen til å le i løpet av forteljinga

« Tilbake til arkivet