Sjekka nye marknadar i NY

Tekst: Gunnhild Sindre

Back to Start, selskapet bak treningskonseptet BasisBall, var sist veke i New York. Målet var mellom anna å sjekke ut nye marknadar «over there».

Det vart fire dagar med tettpakka program, fortel Anita Vinsrygg, som ved nyttår tok til i ny jobb hos Back to Start. Ho var også med på turen til verdsmeteropolen. – Turen kom i stand gjennom Næringshageprogrammet, og Knut Henning Hjellbakk frå Stryn Næringshage var med oss på turen, fortel Vinsrygg.

Nettverk og research

– Kva var føremålet med turen? – Målet var å hente inspirasjon, skape nettverk og gjere research på den amerikanske marknaden. Dessutan å ha ein fotoshoot i NY med Back to Start sin fotograf Jørn Sønsterudbråten. Treningsgründerfirmaet hadde ein utbytterik tur. – Det er spennande og lærerikt å sjå korleis bransjen er i USA, og korleis eit konsept som BasisBall eventuelt kan fungere der, seier Anita Vinsrygg.

- Boksesenter: Siri Linn Haugen og Silje Blindheim hos Gleasons Gym, eitt av dei eldste boksesentera i NY, der bokselegender som Lamotta og Tyson har trena.
– Boksesenter: Siri Linn Haugen og Silje Blindheim hos Gleasons Gym, eitt av dei eldste boksesentera i NY, der bokselegender som Lamotta og Tyson har trena.

 

Lamotta og Tyson

– Noko av det mest artige vi gjorde var å besøke Gleasons Gym. Det er eitt av dei eldste boksesentera i NY, der bokselegender som Lamotta og Tyson har trena, fortel Anita Vinsrygg. – Det er framleis ein stad der store boksestjerner med store personligheiter trenar. Vi hadde ei fantastisk oppleving hos dei, med faglege refleksjonar og innspel til korleis Basisball kan lukkast i USA. Vi møtte mange fargerike utøvarar og profesjonelle trenarar med ekte glede for trening som gav stor inspirasjon

Positive

I løpet av opphaldet i New York var det også møte med Innovasjon Norge. – Vi var i møte med Innovasjon Norge i NY for å diskutere framtidige mulegheter gjennom deira kanalar. Dei var veldig positive til Back to Start sitt konsept, og Back to Start er invitert til å delta i Innovasjon Norge sitt 2015 Global Entrepreneurship Marketing Program i mars. Både Innovasjon Norge og aktørane vi besøkte meiner at BasisBall er av internasjonal kaliber og at konseptet har et stort potensiale i USA seier Anita Vinsrygg.

” Aktørane vi besøkte meiner konseptet er av internasjonalt kaliber og har et stort potensiale i USA”

Knut Henning Hjellbakk, dagleg leiar ved Stryn Næringshage, hadde lagt opp opplegget for Back to Start i New York. Han var også med på turen til den amerikanske storbyen. – Back to Start er ei såkalla målbedrift i næringshagen, og næringshagen er inne i eit nasjonalt næringshageprogram der ein tek opp bedrifter med særleg potensiale for vekst og utvikling, fortel Knut Henning Hjellbakk.

Siva og Sogn & Fjordane fylkeskommune står bak programmet, som varer til og med 2021.

-Når Back to Start no byrjar å sjå litt på mulegheitene dei har for internasjonal ekspansjon, så er det eit utviklingsprosjekt som fell godt inn i programmet sin intensjon, seier Hjellbakk. Han seier det var gode møte med Innovasjon Norge og andre aktørar under NY-opphaldet.
– Det var gjennomgåande positive tilbakemeldingar, og fleire meinte dei kunne ha eit kjempepotensiale der. No har Back to Start eit heilt anna grunnlag for å kunne jobbe vidare med ei strategisk tilnærming til internasjonalisering av verksemda, og det blir spanande å følge dei vidare, seier Knut Henning Hjellbakk.

- Innovasjon Norge: Back to Start med Siri Linn Haugen, Silje Blindheim og Anita Vinsrygg hos Innovasjon Norge i New York. Bak til høgre Knut Henning Hjellbakk frå Stryn Næringshage.

Fakta om Back to Start

• Back to Start er selskapet bak treningskonseptet BasisBall

• Grunnleggjarane av selskapet er Siri Linn Opsahl Haugen og Silje Blindheim

• Back to Start har utvikla eit treningskonsept der det vert nytta ein ball med to handtak til basistrening

• Selskapet har utvikla fire underkonsept som tek føre seg allsidig trening av kjernemuskulatur, styrke/ uthaldenheit og kondisjon

• Back to Start har fått fleire prisar for sitt treningskonsept

 

« Tilbake til arkivet