Årets næringspris gjekk til Medvind Næringshage

– Næringshagen er blitt ein sentral aktør for dei som vil skapa og utvikla eigne verksemder og arbeidsplassar i Vindafjord kommune, heiter det i grunngjevinga frå komiteen som gav årets næringspris til Medvind Næringshage i Vindafjord.

Dagleg leiar i Næringshagen Rita Fridfeldt mottok prisen frå Gustav Løge Fosse under nyttårsfesten på Ølen Kulturhus.
Dagleg leiar i Næringshagen Rita Fridfeldt mottok prisen frå Gustav Løge Fosse under nyttårsfesten på Ølen Kulturhus.

Kjartan Innbjo og Gustav Løge Fosse delte ut næringsprisen på vegne av Utval for drift, utvikling og kultur i Vindafjord kommune. – Prisen går til Medvind Næringshage for medverknad og tilrettelegging for nye arbeidsplassar i kommunen. Næringshagen er ein sentral aktør som ivaretar dei som ønskjer å skapa eigne verksemder, og for utvikling av mindre verksemder. Med strategisk plassering og god profilering i Ølensvåg er dette ein framifrå representant for næringslivet i kommunen, sa Innbjo under prisutdelinga på Ølen Kulturhus søndag kveld.
Dagleg leiar Rita Fridfeldt har i dag 22 bedrifter samla under same Medvind-tak i Ølensvåg, og ønska i takketalen velkommen til endå fleire verksemder som kunne tenka seg å bli ein del i kontorfellesskapet.
– Det er svært viktig å ha eit tilbod om kontorplass til gründerar og små næringsverksemder. Me ønskjer å ha plass til alle. Medvind Næringshage stiller med rettleiing for gründerar, og tilrettelegging for nyskaping i både nytt og etablert næringsliv. Dersom nokon treng ein sparringpartner eller hjelp til vidareutvikling, stiller me opp, sa Fridfeldt.

Medvind Næringshage blei etablert i 2012, og er eigd av Vindafjord kommune, Ølen Betong, Berge Sag og Trelast, Omega og Westcon Yards. Eigarsamansetninga er ein av grunnane til at næringshagen har utvikla seg som han har gjort, meiner Fridfeldt.
– Det gir ekstra kraft til suksess i næringsutvikling når det offentlige og det private samarbeider, påpeika Fridfelt, som nytta høve til å gje følgjande råd for vellukka næringsutvikling framover:
– I året som kjem er det om å gjera å gripa moglegheitene og ta fatt på utfordringane som ligg føre oss. Kriteria for suksess er i prioritert rekkefølgje: “1. Utholdenhet, 2. Utholdenhet og 3. Utholdenhet.”

medvind2

« Tilbake til arkivet