Næringshagen i Hardanger er med!

Godkjende av SIVA i det nasjonale næringshageprogrammet – viktig milepel og mange spanande år framover!

Tekst: Marita Gjerde, Næringshagen i Hardanger.

hardanger2
Den regionale Næringshagen i Hardanger AS bind, som Hardangerbrua, saman Hardanger til eitt nærings- og vekstområde.

Næringshagen ligger vest i vakre Hardanger med kontoradresse i fjordbygda Øystese. Nedslagsfeltet er bygder langs den langstrakte Hardangerfjorden. Isbreen Folgefonna dannar eit unikt bakteppe for dei fleste bygdene. Næringshagen dekker eit breitt spekter av næringar i regionen gjennom sine 18 målbedrifter og 10 medlemsbedrifter. Ut frå naturgjevne føresetnader og næringsstruktur vil Næringshagen ha eit spesielt fokus på frukt- og bærsektor, kortreist mat, service og reiseliv. Andre aktivitetar er kurs/kompetansetiltak, medlemsaktivitetar og utviklingsprosjekt. Næringshagen ynskjer å ha ein aktiv roll bl.a. i organisasjons- og bygdeutvikling. Dette er førebels i planleggingsfasen, men spanande prosjekt som me håpar å kunne offentleggjera snart.

Marita Gjerde og Sigmund Vereide. Foto: Katrine Helgheim
Marita Gjerde og Sigmund Vereide. Foto: Katrine Helgheim

Tett samarbeid med andre næringshagar i nærliggjande regionar. Det er viktig å nytta kvarandre sin kompetanse. Næringshagen i Hardanger vil teikna intensjonsavtale med Næringshagen på Voss. Me ynskjer å ha ei felles plattform bl.a. med kontaktpunkt for grundarhjelp, produksjon og levering av kortreistmat og samarbeid om kurs- og kompetanseutvikling.  Med opptak i næringshageprogrammet kan me sjå fram til mange gode og spanande utviklingsår. Næringshagen har to tilsette; dagleg leiar, Sigmund Vereide og kompetanseutviklar Marita Gjerde.hardanger3

« Tilbake til arkivet