Bambusklede frå Voss

– Det er utruleg viktig å få vere med i eit nettverk og få støtte til dømes til ein mentor, seier Therese Wigstrand i Tiljamid på Voss til avisa Hordaland. I august blei ho Månadens kvinnelege gründer i Kvinnovasjon Noreg.

Tiljamid designar og sel barneklede i bambus, i butikk på Voss, på sin eigen netthandel og butikkar i heile Noreg. Til Moteveka i Oslo i haust har ho skaffa seg lokalar på Moteforum.

Therese Wigstrand byrja med symaskina på kjøkenbordet. Med hjelp frå mellom anna Kvinnovasjon på Voss og Innovasjon Norge har ho no utvikla ein heil kolleksjon som ho skal ta med seg på turné i Noreg, Sverige og Danmark. Til neste år skal ho vere med på messer i New York, Paris og Tokyo.

– Eg vart kontakta av Sissel Mugaas i Kvinnovasjon her på Voss, og ho har hjelpt meg masse, seier Wigstrand i eit intervju i avisa Hordaland.

– Det er utruleg viktig å få vera med i eit nettverk og få støtte til dømes til ein mentor, som har hjelpt meg vidare. Sjølv om støtta ikkje er så stor, er verdsetjinga viktig, seier ho i intervjuet.

Sjå Tiljamid sin kolleksjonen av bambusklede her.

Rett etter 2000 kom det teknologi som kan ta ut bambusfiber og spinne det til garn som både kan strikkast og vevast. Etter det har bambusklede vokse fram som dei mest miljøvenlege av alle. Bambus blir dyrka utan gjødsel og sprøytemiddel, det veks fortare enn noka anna plante – opp til 15 meter på seks månader – og du treng ikkje å plante nytt etter innhaustinga. Bambus veks opp igjen av seg sjølv, slik graset gjer.

Klede av bambus har ei rekkje gode eigenskapar:

  • dei er antiseptiske, antistatiske og det set seg lite lukt i dei
  • dei tek ikkje så lett til seg smuss og kan vaskast sjeldnare og på lågare temperatur
  • dei er lite allergiframkallande
  • dei er varmeregulerande som ull og transporterer fukt på same måten

 

« Tilbake til arkivet