Fjordvarme som miljøvennlig energikilde

Fjordvarme AS, som er ein av bedriftene i Næringshagen i Nordfjord,  satsar på å tilby fjordvarme-løysningar utvikla av Eid kommune til andre tettstader og byar. Eid kommune som har utvikla teknologien og løysningane gjennom mange år vil no kommersialisere konseptet og gjere da via Fjordvarme AS. Og erfaringane deira gjer at da blir både enklare og rimelegare for andre å ta fjordvarme i bruk enn da har vore for Eid kommune.

Fjordvarme-satsinga,  i regi av Eid kommune,  er ogso nominert som ein av fem finalistar i kåringa av “Årets lokale klimatiltak i Norge” i 2012 av KS og Miljøstiftelsen Zero.

 Meir info om Fjordvarme AS

Meir info om Næringshagen i Nordfjord

Foto: Wikipedia

Pressemelding med meir informasjon om nomineringa og satsinga på fjordvarme til Eid kommune og Fjordvarme AS:

Nordfjordeid, 5. november 2012

Eid kommune nominert til nasjonal klimapris

Fjordvarme-satsinga i Nordfjordeid i regi av Eid kommune er nominert som ein av fem finalistar i kåringa av “Årets lokale klimatiltak i Norge” i 2012 av KS og Miljøstiftelsen Zero. Dei andre finalistane er Oslo, Trondheim, Drammen og Mandal. Sjå http://www.zerokonferansen.no/fem-kommuner-nominert-til-prisen-arets-lokale-klimatiltak-2012

– Det er ei stor fjør i hatten for Eid at vår storstilte satsing på miljøvennleg fjordvarme no får nasjonal merksemd, seier ordførar i Eid, Alfred Bjørlo (V). – Fjordvarme-utbygginga har vore ein stor suksess både miljømessig og økonomisk, og viser at det er mulig å gå i front nasjonalt på miljøområdet også i ei distriktskommune som Eid, seier Bjørlo.

Fjordvarmeanlegget på Nordfjordeid eit pilotprosjekt og er det største av sitt slag i landet. med samla investeringar på ca 30 mill NOK. Kundane nyttar anlegget til oppvarming ved hjelp av varmepumper. Hausten 2012 er i alt 46 varmepumper i drift. Frå desse vert det levert om lag 10,2 GWh varme pr år til offentlege bygg, næringsbygg og bustader. Fjordvarme dekker på ein klimanøytral måte 80-90% av oppvarmingsbehovet til bygga, Prosjektet bidreg til at fornybar varme og kulde frå naturen vert teken i bruk, til erstatning for mindre miljøvennleg oppvarming og kulde.

Bruk av Fjordvarme i Nordfjordeid gir pr i dag ei årleg innsparing i energibruk på ca 7 millionar kWh, og gir ca 1 mill kr i sparte driftsutgifter for dei kommnuale bygga åleine. Det er også planer om omfattande vidare utbygging av anlegget i åra som kjem, og det er etablert eit eige selskap for å kommersialisere og utvikle fjordvarmeteknologien, Fjordvarme AS, som allereie er involvert i å realisere fjordvarmesatsingar i Førde og Ulsteinvik.

-Fjordvarme er også del av eit samla kompetansemiljø på energi i Eid og Nordfjord som er unikt i landet, seier Bjørlo. I tillegg til Fjordvarme har Eid store elektro- og automasjonsbedrifter som Normatic, Eid Elektro og YIT, og Eid vidaregåande skule er det fremste utdanningsmiljøet i fylket innanfor elektro og automasjon. Det er i Eid/Vågsøy no også under planlegging det største og mest miljøvennlige datasenteret i landet, Lefdal Gruve, med kjøleteknologi bygd på fjordvarme. I tillegg er det ei rekke energi- og miljøbedrifter i Nordfjord elles.

– Fjordvarmeprosjektet kan vere eit eksempel for andre på korleis ein ved samarbeid mellom kommune og lokalsamfunn kan få gjennomført utbygging av miljøvennleg energi, og også bidra til forretningsutvikling av ny miljøteknologi, seier Bjørlo.

Kontaktinfo:

Arild Hjelmeland, styreleiar Fjordvarme AS, mobiltlf  456 00 526

Alfred Bjørlo, ordførar i Eid kommune, mobiltlf 480 82 652

 

 

 

« Tilbake til arkivet