1,5 mill til kulturnæringshagen i Volda

Sunnmøre Kulturnæringshage i Volda utvidar horisonten. No skal dei syte for kreative møteplassar for næringar i heile Møre og Romsdal. Kulturnæringshagen får no 1.455.000 kroner frå fylkeskommunen for sitt prosjekt kreativfylke.no.

Kulturnæringshagen vart etablert i 2012, og har allereie god erfaring med å bygge nettverk og møteplassar for kreative verksemder på Søre Sunnmøre, gjennom møtestaden Kreative Søre Sunnmøre. No skal dei etablere møteplassar for kreative næringar i heile Møre og Romsdal, med knutepunkt i alle regionar.

Dagleg leiar i kulturnæringshagen, Martin Foldal, gler seg stort over tilskotet dei får.

– Det er viktig for både dei ulike regionane og for heile fylket at alle aktørar veit om kvarandre, seier han.

Kvar si tue

Planen er å lage til eit møtepunkt for Kreative Sunnmøre i Ålesund, Kreative Romsdal i Molde og Kreative Nordmøre i Kristiansund.

Foldal meiner dei tre ulike byane vil kunne by på svært ulike kreative næringar. Grunna kunstfagskulen i Ålesund ser han føre seg at det vil vere mange som driv med biletkunst der, og i Molde ser han føre seg at det er eit stort musikk- og teatermiljø.

– Men alle er velkomne, seier han.

Erfaringa er at ved å kople saman fleire små aktørar, så klarer dei saman å gjennomføre større prosjekt.

– Denne typen næring er nærast underernært på slike møteplassar.

Dei sit på kvar si tue. Det er ikkje som til dømes i den maritime næringa, der dei har eit mykje breiare tilbod, og der aktørane er vesentleg større.

Skifte namn?

Sunnmøre Kulturnæringshage samarbeider tett med Høgskulen i Volda, og har eit særleg fokus på film og media. Dei har knytt til seg fleire verksemder frå heile Søre. Men strategien frå styret for 2014 er å utvide til å ha målverksemder frå heile Møre og Romsdal.

– Kanskje burde vi bytte namn slik at vi ikkje står fram som ekskluderande, seier Foldal.

Det er i dag fire næringshagar i Møre og Romsdal, og 50 i heile landet, men Foldal trur dei er den som er mest spissa i forhold til kva verksemder dei jobbar for. Det er den kreative næringa dei har fokus på.

Politikarane i kultur- og folkehelseutvalet var ikkje i tvil om at søknaden frå Sunnmøre Kulturnæringshage skulle få tilslag på midlar.- Søknaden frå Sunnmøre Kulturnæringshage er etter vår vurdering den beste av dei innkomne søknadene som gjeld nettverk og møteplassar. Vi kjenner oss trygge på at dei vil få til eit godt tilbod for heile fylket, konkluderer dei.

Kilde: Møre Nytt

« Tilbake til arkivet