Næringshagar i hele landet gjer lokal vekst

Dagens næringshageprogram hadde oppstart 1. juli 2011. Det er eigd av Kommunal- og regionaldepartementet og Fylkeskommunane, og drivast av SIVA. Det finst 46 næringshagar i landet, og dei hysar 1200 bedrifter og om lag 3300 tilsette.

– Eit grunnleggjande krav for at ein næringshage skal etablerast og bli med i programmet er at privat næringsliv er pådrivarar og gir premiss for næringshagen, seier Heidi Lyng, som er seksjonsleiar i SIVA, med ansvar for Næringshageprogrammet.

Ho seier erfaringar frå næringshagane tyder at når bedrifter som utfyller kvarandre held til i same miljø har stor gjensidig nytte av kvarandre. Samstundes må næringshagane for å lukkast skapa eit utviklande og dynamisk miljø, der bedriftene og tilsette er med og skapar aktivitet.

– Det er for tidleg å seia noko om resultatet av Næringshageprogrammet, men førebelse tal er svært positive, seier Lyng

Godt miljø
– Dei førebelse tala våre tyder på at innovasjonsaktiviteten mellom bedriftene i dei næringshagane som deltek i SIVA sitt program er høgare enn det ein finn i næringslivet elles, seier seniorforskar ved Nordlandsforskning, Tommy Clausen.

Han er prosjektleiar for forskingsprosjektet, som mellom anna skal sjå på tydinga av næringshagar for innovasjon og næringsutvikling i det norske innovasjonssystemet.

– Det er for tidleg å seia noko heilt konkret, men mange bedrifter i næringshagane legg sjølve vekt på miljøet i næringshagen som årsak til eiga innovasjonskraft, fortel Clausen.

Økonomi ei utfordring

– Ut frå den tidlegare forskinga me har gjort vil eg seia at ei hovudutfordring mange næringshagar står overfor er å sikre stabil finansiering til kjerneoppgåvene, seier Clausen.

Mange næringshagar jaktar på inntening utanfor kjerneområda sine på grunn av stram økonomi.

– Det kan gå ut over i kva grad næringshagane evnar å bidra til regional utvikling som ikkje ville skjedd utan næringshagane, og kanskje bør næringshagane i større grad sikrast stabil offentleg finansiering knytt til oppgåver det ikkje er mogleg å ta full marknadspris for, seier Tommy Clausen.

Look to Valdres
Dei siste åra har 400 arbeidsplassar i hjørnesteinsbedrifter i Valdres forsvunne. Næringshagen prøver å motverke trenden, og har tre prosjekt som skal skapa liv til regionen. Nokre av satsingsområda er helseturisme, å bli den sterkaste hytteregionen i innlandet og å knyte kultur og næringsliv tettare saman. Årleg er mellom 50 og 70 etablerarar innom næringshagen for å få hjelp.

– Me skal ikkje initiere prosjekt, men å hjelpe folk og bedrifter som har planar om å starte opp, seier næringskonsulent Hilde Tveiten Døvre.

– Eit trekk ved urbaniseringa er at ungdommen utdannar seg ut av distriktet. Me syner fram at det er mogleg å sitje med spisskompetanse på eit felt, kunne arbeide i internasjonal samanheng, og likevel halde til i Valdres, seier Arne Egil Fønhus, dagleg leiar i Valdres Næringshage.

Kilde: Nationen

 

 

« Tilbake til arkivet