Kulp – Stor mat frå lite kjøkken

Kjøkkenet til Terje Bjørndal på kafeen Kulp på Sand er kanskje ikkje så stort med sine 16 kvadratmeter, men det osar av matglede og mathistore.

Kafeen Kulp blir då også fronta med orda; stor mat frå lite kjøkken. Sjeldan har eit slagord passa så godt. Kafeen Kulp feirar fem år i år. Du finn den midt i hjarta av Suldal Kulturhus, her er bowlingbane, bibliotek, kinosal og kunstutstilling. Terje meiner sjølv han var modig når utfordringa frå tidlegare kultursjef i Suldal kommune, Vegard Vandvik, kom på bordet. Om Terje ville starte kafé på Kulturhuset?

Lokal og ekte mat

– Eg vågde å satse. Me som er kokkar vil jo helst berre lage god mat, me er ikkje så opptekne av bedriftsutvikling, der treng me ofte hjelp. Men målet har heile tida vore å servere lokal, ekte og ærleg mat, slår han fast. Terje har hatt stor nytte av både det lokale vekstselskapet og ikkje minst å bli tatt opp i næringshageprogrammet.

Suldal Vekst har sterk fagleg kompetanse som me treng, det er godt for ein kokk med draumar at nokon har lyst til å vere med å realisere dei. Å bli tatt opp som målbedrift har vore ein styrke for meg og kafeen, slår Terje fast. Han meiner det ofte nesten er som å ha ein personleg rådgjevar med seg heile tida, og set pris på at systemet er både fleksibelt og imøtekomande.

– Utan dette apparatet hadde det vore mange av mine draumar som ikkje vart realiserte. Han meiner det ofte nesten er som å ha ein personleg rådgjevar med seg heile tida, og set pris på at systemet er både fleksibelt og imøtekomande.Terje Bjørndal i kafeen Kulp

 

Sin eigen sjef

I tillegg til seg sjølv har han med seg hjelp i til saman 70 prosent. Terje ler godt av spørsmålet om sin eigen stillingsprosent. Å drive Kulp er ingen jobb, det er ein livsstil. – Kokken er ikkje skapt for å jobbe 8 – 16. Eg trur eg må vere min eigen sjef, eg likar det.  80 prosent av inntekta til kafeen er catering, i fjor leverte Terje mat til om lag 20 konfirmasjonar og bestillingane ligg heilt fram til 2027. Somme gonger er han også ute i bryllaup der han serverer heilgrilla lam, kje eller gris. Det er i grunn berre fantasien som set grenser, både for menyen og arrangementet. Sjølve kafeen er meir som eit utstillingsvindauga for å vise kva ein kan levere. I kafeen kan han totalt dekke til 150 gjester, i tillegg kan han bruke kinosalen som også har plass til 300 personar. Ofte får han lov til å følgje familiar gjennom viktige hendingar i heile livet. Mange kundar er han blitt veldig godt kjent med, noko ein skal ha respekt for.  – Du er med på dei beste dagane i livet, i dåp, bryllaup og feiring, samstundes som du er der når gravlegg sine kjære. Det er sterkt.

Det er ikkje lett å slå fast kven som er den typiske kafégjesten, men veninnegjengane og pensjonistane er faste grupper som trufast igjen. Terje har lenge satsa på ein fast lunsjmeny, no har han også utvida til middagsservering og lengre opningstider for å prøve ein ny marknad. Han vil gjerne servere lokale produkt med dei gode historiene, kundane blir stadig meir bevisste på kor maten kjem frå, og betaler gjerne litt ekstra for kortreist mat med god kvalitet.

I tillegg til kafé – og catering arrangerer Terje kurs. Her er det grupper i alle variantar som gjerne vil lære meir om lage mat.

– Kva drøymer du om? – Eg drøymer om at Kulp skal stå på eigne bein, at det ikkje er hundre prosent avhengig av om eg er her eller ikkje. Eg må våge å gi slepp, klare å lære opp andre slik at hjula går rundt uansett. Eg har ikkje noko mål om å bli millionær, men om å klare meg, om å ha eit fint liv. – Å det hadde vore fantastisk viss me klarte å etablere avdelingar i fleire bygder, ein slags lokalkjede med kafear, seier han drøymande.

Tekst: Judith Sørhus

Kort om Kulp:

Terje Bjørndal starta opp kafeen i 2009

80 prosent av inntekta kjem frå catering

Drøymer om å utvide med fleire avdelingar

 

« Tilbake til arkivet