Populær hage med plass til femti

Tekst: Else Børte

KVITESEID: Siva-næringshagen i Kviteseid sentrum trer fram. Nå er berre ni av dei totalt femti kontorplassane ledige.

I august skal Kviteseid næringshage stå klar. Alt nå er 41 av kontorplassane i det tverrfaglege miljøet tinga. Bedriftene som har dei er midlertidig plassert rundt om i andre lokale i Kviteseid.  – Det blir eit fantastisk spanande fagmiljø. Grunnmiljøet var og er IKT. Det har blitt ei større breidde. Fellesnemnaren er at dette er kompetansearbeidsplassar, seier Gunnar Ruud, som er styreleiar i Kviteseid næringshage AS.

FÅR STØTTE

Med berre ni ledige kontorplassar att ser Ruud på næringshagen som ein suksess. I starten var det bare fem bedriftar i bygget.  Så blei det søkt om å få delta i opplegget til Siva.  – Me fekk ti års deltaking. Me må levere for å få støtte av Siva og Telemark fylkeskommune.

Det er ein føresetnad om vekst i tal på arbeidsplassar gjennom fleire firma eller ekspandering i dei som alt er der. Det må vere ein vekst i økonomien, kompetansen og nettverket, seier styreleiaren.  Dei som skal inn i nybygget i august er NC-Spectrum AS, Nordbø Software AS, Systemitech AS, Nimia AS, Transisto AS, Novelda AS, Hauglid eiendom AS, Johre revisjon AS, Dataservice AS og Vest-Telemark næringshage AS.

– Neste store milepæl er å få ferdig bygget, seier Ruud.

Tegning: RiK Arkitektur AS, Oslo.

EI MIL MED KABEL

Det er Vest-Telemark næringspark som eig Findalen-bygget. Totalt kostar det 22 millionar kroner å få sett det opp. Da TA fekk ei omvising var handverkarar frå totalentreprenøren Skorve i full sving. Bedriftene som skal inn har kome med eigne ønskje om kontorutforming.
– Det blir ein del fellesareal, som til dømes matrom og møterom. Nokre plassar blir det opne kontorlandskap, andre plassar avlukke, forklarar og viser Ruud og dagleg leiar Haldor Kaasin.
Som seg hør og bør må det 10 000 meter med kablar inn i bygget når så mange teknologibedrifter skal halde virket sitt der. Bygningen er på 1 250 kvadratmeter.
– Det viktigaste for oss er å få til eit samarbeid og foreine krefter som lokale bedrifter, kommunen, Vest-Telemark næringsbygg, fylkeskommunen og Siva. Det er mange aktørar som jobbar saman med ønskje om å skape ei moderne næringsutvikling, som gjer dette vellykka, seier Ruud.

FAKTA

Siva næringshage:

• Skal samlokalisere mindre bedrifter for å fremje vekstkraft, samarbeid og fagleg utvikling.

• Målet er auka regional verdiskaping gjennom vidareutvikling og vekst i nye og eksisterande bedrifter. – Næringshageprogrammet legg til rette for fleire kunnskapsarbeidsplassar i distrikta.

• I næringshagen får små bedrifter tilgang til relevant kompetanse og nettverk, i tillegg til eit fagleg og sosialt fellesskap.

Næringshagane er verdiskapingsmiljø som har ei rekke positive effektar for bedriftene, det regionale næringslivet og lokalsamfunnet.

Næringshageprogrammet legg sterk vekt på innovasjon og nyskaping. Privat næringsliv skal alltid vere pådrivarar til prosessen rundt etablering og utvikling av næringshagen.

• Ein næringshage organiserast som eit aksjeselskap, med både private og offentlege eigarar.

• Hovudtyngda av aktiviteten foregår innanfor det distriktspolitiske virkeområdet.

Siva gjev ein nasjonal basisfinansiering til næringshagar som er kvalifisert for deltaking i næringshageprogrammet.

I tillegg blir næringshagane finansiert av fylkeskommunen og med eigenandel frå bedriftene sjøve.

Næringshageprogrammet blir finansiert av Kommunal- og regionaldepartementet.

KJELDE: SIVA

« Tilbake til arkivet