Skaper nytt av gamalt

Befri & Bevar vil du finne unike møbler og interiørdetaljar av gjenbruk og redesign.

Foto: Fotograf Nordtveit
Foto: Fotograf Nordtveit

Tekst: Judith Sørhus Litlehamar

Rigmor Erfjord og Eli Håker Erfjord er damene bak gjenbruksbutikken på Sand. Rigmor har lenge jobba med renovasjon og har sett kva folk finn på å kaste av godt brukande ting. Det ville ho gjerne gjere noko med, dermed vart ideen om ein lokal butikk for redesign og gjenbruk født. Ho lufta ideen for svigerinne Eli som lett kasta seg med. I dag er draumane og skissene blitt realitet, og butikken er komen på plass.

  • Me ville gjerne skape ein butikk litt utanom det vanlege. Her skal ein finne nye kvalitetsprodukt skapt av gamle møbler og interiørdetaljar, seier damene som ikkje er i tvil om at gjenbruk og redesign er i vinden og er kome for å bli. Dei samarbeider med lokale fagfolk for å få fram gode kvalitetsprodukt.

Målet er å skape noko ingen har, og som du ikkje finn i andre butikkar.

  • Den typiske kunden hjå oss er bevisste damer som er ute det spesielle som ingen andre har. Dei er leie av å gå i interiørbutikkar i byar der det er flust med masseproduserte interiørdetaljar.

No satsar dei vidare på redesign, og vil gjerne at andre leverandørar av gjenbrukskunst og redesign også skal få vise seg fram i butikken.

Viktig med god støtte

  • Me har fått god hjelp frå Suldal Vekst som råda oss til å gå på etablerarkurs. Noko som var eit steg i rett retning for å få butikkdraumen på plass. Me har heile tida vore bevisste på at gjenbruksbutikken skulle bli noko utanom det vanlege. Ikkje minst var det viktig med eit godt namn. I samarbeid med Anders Midtun frå Midtunsverden kom me fram til Befri & Bevar . Dette namnet viste seg å vera så spesielt at me til og med har fått pris for godt namnevett frå Språkrådet, slår damene fast.

For gründerane bak Befri & Bevar har næringshageprogrammet vore viktig.

  • Det og Suldal Vekst har vore med på å fått oss opp der me er i dag. Der har me fått god støtte både økonomisk og med rådgjeving. Me har meir enn ein gong tatt kontakt der me har vore usikre og nedfor, men kjem alltid tilbake frå dei med godt humør.

Satsar på nettbutikk

Befri & Bevar er avhengig av gode råvarer, difor oppfordra dei folk til å ta kontakt dersom dei hadde møblar eller andre ting dei trudde butikken ville ha. Responsen var enorm, på kort tid vart butikken fylt opp med spanande gjenbruksting og møblar.

  • Me utfyller kvarandre godt og ser ulike draumar i forskjellige råvarer. Der Rigmor likar fargar er Eli glad i det naturlege og robuste. I butikken vår finn kundane unike produkt av god kvalitet. I tillegg får ein gjenstandar og møbler ingen andre har, men som likevel er “som nytt” å rekne.

Damene satsar også på nettbutikk for å utvide marknaden og vise seg fram for nye målgrupper. Framover håpar dei på større prosjekt der dei verkeleg kan få vise igjen.

  • Det var veldig kjekt for oss å ha ansvaret for møblering av Kjedlaren, som er den lokale puben på Suldal Hotell.

Fakta

Befri & Bevar

Møbel – og interiørbutikk som satsar på redesign og gjenbruk.
Damene som står bak butikken, Rigmor Erfjord og Eli Håker Erfjord, satsar på nettbutikk for å utvide marknaden. Målet er at kundane skal finne unike produkt som ingen andre har.

Foto: Fotograf Nordtveit
Foto: Fotograf Nordtveit
« Tilbake til arkivet