Styler nettbutikk i vekst

Ragnhild Roalkvam opplever vekst i nettbutikken sin. Nøkkelen til suksess ligg i sosiale medium.

Ragnhild Roalkvam driv butikk og nettbutikk med klede, sminke og tilbehør.

Tekst: Judith Sørhus Litlehamar

Roalkvam driv butikk med kvinneklede, garn, i tillegg til litt barneklede, sminke og tilbehør. Den største satsinga føregår i nettbutikken, men ankeret i den fysiske butikken på Sand i Suldal er viktig.

  • Den er jo hovudstasjonen, og utstillingsvindauga mitt. Eg må ha ein stad å vise fram varene mine, distribuere dei ut til kundane og ta bilete av dei til sosiale medium. Det er kjekt for lokalsamfunnet og, at dei får eit større utval tenkjer eg.

Gir av seg sjølv på Facebook

No satsar ho ytterlegare på å styrke nettbutikken, om det ikkje er den ho lever av, så er det i alle fall den som gjer at ho overlever, som ho seier. Nettbutikken skal snart over i nytt system, og dermed bli meir oversiktleg og kundevennleg. Roalkvam legg ikkje skjul på at det estetiske og bruken av produktbileta er viktig for stadig å kunne nå nye kundegrupper. Og den største suksessfaktoren ligg i sosiale medium, spesielt Facebook. Det er ikkje mange mindre klesbutikkar som kan skilte med over 12 700 likarar på Facebook, det kan Ragnhild Roalkvam.

Ragnhild Roalkvam driv butikk og nettbutikk med klede, sminke og tilbehør.
  • Det er krevjande, men veldig kjekt å bygge seg opp i sosiale medium. Det held ikkje med ei oppdatering i veka, ein må vere på heile tida og gi av seg sjølv konstant, seier gründeren som gjerne svarer kundar likegodt på laurdagskveld som på tysdag formiddag.

Den siste tida har ho også gått på kurs hjå Gry Sinding og Trine Grung for å bli meir synleg, noko ho meiner er viktig.

  • Det er viktig å lære av dei beste, det er då ein utviklar seg, slår ho fast.

Viktig kompetanse

Sjølv har ho hatt ei enorm utvikling sidan ho starta ein liten garnbutikk i kjellaren heime. Etter den tid har ho delteke i Kvinnovasjonsprosjektet der ho fekk tildelt ein mentor ho har hatt stor glede av, og blitt tatt opp som ei av målbedriftene i næringshageprogrammet.

  • Eg hadde ikkje klart meg utan Suldal Vekst og Kvinnovasjonsprosjektet seier ho og drar også fram kor viktig det var for henne å bli ein del av næringshageprogrammet.

  • Dei har mykje av æra for at utviklinga i butikken har gått så raskt. Ikkje minst er det motiverande at nokon ser kva du slit med, og kan gi deg eit klapp på skuldra når du eigentleg har mest lyst til å gi opp. Ein kan ikkje slite ut familien kvar gong det buttar i mot, seier ho og viser til at det naturlegvis også har ein økonomisk gevinst.

  • Dei bidreg med kompetanse på bedriftsutvikling, noko eg hadde lite av sjølv då eg starta opp, slår gründeren fast.

Stadig utvikling

Roalkvam er klokkeklar på at ein må utvikle seg heile tida. No skal ho på kurs i styling og sminke, målet er å bli betre på å gi individuell rådgjeving innan både klede og sminke, kva som passar saman og kva som passar best til kunden. Framover vil ho også arrangere fleire kundekveldar og knyte tettare relasjonar til nye kundegrupper, blant anna gjennom nyhendebrev.

  • Ein må ha fleire bein å stå på skal ein klare seg med denne type butikk i distrikts-Noreg. Ein må stadig vere i utvikling, vegen blir til medan ein går.

Fakta

Ragnhilds

Ragnhild Roalkvam driv butikk og nettbutikk med klede, sminke og tilbehør.
Ser at den største marknadsføringskanalen hennar er Facebook og satsar no på utvikle nettbutikken ytterlegare.
Drøymer om å gi alle kundar spesiell oppfølging, difor kursar ho seg i stylig og sminke.

« Tilbake til arkivet