«Mitt liv» premiere på NRK2.

Torsdag 2. oktober går sesong 2 av serien «Mitt liv» på NRK2. Hilde Ranheim, busett i Volda, står for fotoopptak, bileteresearch, klipp og musikk.

Tekst: Ida Ankile Johnsen, publisert av avisa MØRE.
Møre møter Hilde Ranheim på kontoret hennar i Sunnmøre Kulturnæringshage. På veggane heng det tett i tett med fotografi av personane i «Mitt liv». – I serien fortel åtte kjente menneske sine personlege historier om både privat- og yrkesliv. Samtidig formidlar dei historia om nasjonen vår, frå mellomkrigstida til det moderne norske samfunn, forklarar Hilde.

Gjentek suksess
Dokumentaristen med base i Volda var også med i 2011/2012 då sesong 1 vart skapt. Serien vert produsert av Høylandet Film og TV i samarbeid med NRK. – Produksjonsselskapet tok kontakt med Pål Aam, som har regi på serien. Pål tok igjen kontakt med meg, for klipp og bileteresearch, fortel Hilde. Første sesong av «Mitt liv» gjekk på TV våren 2012, og fekk gode sjåartal. Det gjorde at produksjonsselskapet og NRK ville lage ein sesong til.

Allsidig dokumentarist
I tillegg til å vere fotograf, bileteresearcher og redigerar, har Hilde denne gong også prøvd seg som komponist.
– Eg har alltid spelt piano, og viste Pål Aam nokre av melodiane eg har lagd. Han sa at «dette var midt i blinken for serien». Eg har no laga om lag 30 melodiar til serien, fortel ho. – At eg skulle fungere som komponist hadde eg aldri trudd, men det har absolutt gitt meirsmak, legg ho til.

 Det beste med jobben er å verte kjent med intervjupersonane, kome heim til dei og bla i albuma deira, fortel Hilde Ranheim. Her heime hjå kunstnar Håkon Bleken.
Det beste med jobben er å verte kjent med intervjupersonane, kome heim til dei og bla i albuma deira, fortel Hilde Ranheim. Her heime hjå kunstnar Håkon Bleken.

-Viktige tidsvitne
I «Mitt liv» sesong 2, møter vi Kåre Willoch, Arve Johnsen, Ingrid Espelid Hovig, Per Kleppe, Edith Roger, Håkon Bleken, Berit Ås og Espen Skjønberg. I tillegg til intervjua spelar stillbilete ei viktig rolle i kvar episode.
– Som bileteresearcher har eg vore i kontakt med mange ulike arkiv for å finne gamle bilete. Eg har også reist heim til dei medverkande og bladd i albuma deira. Dette er det eg har likt best med jobben, fortel Hilde.
– Det er veldig kjekt å få verte kjent med flotte menneske som har gjort så mykje for landet vårt. Det er noko som driv med i arbeidet også, at dei er viktige tidsvitne, legg ho til.
Hilde meiner «Mitt liv» har to viktige målgrupper.
– Serien vil treffe den eldre generasjon, som har levd samtidig og opplevd tida som intervjupersonane snakkar om. Innhaldet er også viktig for dei yngre, som kanskje har høyrd namna, men som her får meir konkrete bilete på kven personane er og kva dei har gjort, forklarar ho.

Kreativt kontorfellesskap
Hilde kjem opphavleg frå Bærum, og har master i dokumentar og journalistikk frå Høgskulen i Volda. Ho har dei siste åra drive Ranheim Produksjon, med kontor i Sunnmøre Kulturnæringshage. Her har ho selskap av andre innan kreative yrke.
– Det er flott å ha eit kreativt kontorfellesskap. Vi er kvarandre sine konsulentar, fortel dokumentaristen.
– Snart er til saman 16 episodar av «Mitt liv» sendt på NRK2. Det syner at det er fullt mogleg å lage riksdekkjande TV frå distrikta, legg ho til.

« Tilbake til arkivet