Her blir det skapt flest bedrifter

Fyresdal er den kommunen i Telemark som prosentvis fekk flest nye bedrifter i fjor.

Tekst: Halvor Ulvenes, Varden

Det framgår av den ferske statistikken frå Statistisk sentralbyrå om talet på verksemder i kongeriket.

Telemark hadde 1. januar 2015 18.332 verksemder, ein vekst på 3,9 prosent. Det er på line med landsgjennomsnittet. Talet inkluderer både offentlege og private verksemder. Landbruket er også med i denne statisikken.

Foto: Halvor Ulvenes
Foto: Halvor Ulvenes

 

Ekstremt hyggjeleg
Fyresdal har ein auke i talet på verksemder med 8,4 prosent – til 245 bedrifter. – Ekstremt hyggjeleg. Nye arbeidsplassar har hovudprioritet for oss. Nøkkelen til suksess er fleire arbeidsplassar, seier ordførar Erik Skjervagen (Ap) i ein kommentar til Varden.

Vil ikkje kvile
– Den nye næringshagen vår er kjempebra. Me satsar på alle hald, og aktar ikkje å kvile på laurbæra, seier Skjervagen. Han viser til etableringa av røyeproduksjon i bygda og at Telemark Kildevann har ei positiv utvikling. Nissedal, Vinje, Seljord og Skien følgjer på dei neste plassane, målt i prosentvis vekst. Siljan og Notodden hadde tilbakegang i talet på verksemder, ifølgje statistikken frå byrået.

STORT FOKUS: Ordførar Erik Skjervagen seier at Fyresdal har stort fokus på nye arbeidsplassar. her frå opninga av den nye treningsparken i bygda i fjor sommar. Foto: Halvor Ulvenes
STORT FOKUS: Ordførar Erik Skjervagen seier at Fyresdal har stort fokus på nye arbeidsplassar. her frå opninga av den nye treningsparken i bygda i fjor sommar. Foto: Halvor Ulvenes

 

På topp
Måler ein talet på nye bedrifter nominelt,  toppar Skien. I  fylkeshovudstaden kom det 260 nye verksemder i fjor, som gjev ein auke på 5,6 prosent.  Skien har totalt 4.886 bedrifter. I nabobyen Porsgrunn kom det til 92 nye bedrifter, ifølgje statistikken.

Slik er fordelinga
Kommunefordelinga med samla tal på verksemder per 1. januar 2015 er slik:

Porsgrunn 2.990
Skien: 4.886
Notodden: 1.366
Siljan: 207
Bamble: 1.340
Kragerø: 1.260
Drangedal: 527
Nome: 691
Bø: 874
Sauherad: 599
Tinn: 764
Hjartdal: 313
Seljord: 500
Kviteseid: 420
Nissedal: 296
Fyresdal: 245
Tokke: 365
Vinje: 689

« Tilbake til arkivet