Bedriftsnettverk for bygningsvern basert på unik kompetanse etablert i Vest-Telemark

Tekst: Åsmund Stenseth, Vest-Telemark Næringshage AS

Fire verksemder i Vest-Telemark, Lofthus Liftjig AS, Bjarne Lofthus, Rauland Stav og Laft As og Kleppo Trevare AS, har gått saman i eit bedriftsnettverk for bygningsvern. Bakgrunnen for samarbeidet er at det er for låg aktivitet innan bygningsvern til at verksemder tar sjansen på å satse på dette fagfeltet aleine. «Det har vore for langt mellom jobbane til at me har kunne satse skikkeleg på dette”, sier Roar Seltveit i Rauland Stav og Laft. Gjennom nettverket vonar ein å samle kompetansen på bygningsvern gjennom eit tettare samarbeid og kordinering verksemdene i mellom. To av verksemdene, Lofthus LiftJig AS og entreprenør Bjarne Lofthus, har i fleire år jobba med å utvikle ein patentert teknologi som vert nytta ved løfting av konstruksjonar, samt flytting, restaurering, og vern av gamle trekonstruksjonar. Denne løfteteknologi vil stå sentralt i samarbeidet. Lofthus Liftjig er også ein SIVA målbedrift. Den siste verksemda i samarbeidet er Kleppo Trevare som m.a. produserer trapper og utfører avansert dreiing og fresing i tre og metall. I starten er det desse fire verksemdene som utgjer nettverket, men det er lagt opp til at andre verksemder kan kome til slik at nettverket blir meir robust og kan på seg fleire oppdrag.

Bygningsvern
Bedriftsnettverket med avtala i handa: Frå v.: dagleg leiar Svein Foldøy, Vest-Telemark Næringshage, entreprenør Bjarne Lofthus, dagleg leiar Roar Seltveit, Rauland Stav og Laft AS, LofthusLiftJig AS v/Torstein Tveito, og dagleg leiar, Eivind Kleppo, Kleppo Trevare AS. Foto: Vest-Telemark Næringshage.

Det blir også enklare for dei som ønskjer å få utført bygningsvern ved at kompetansen finst på ein plass. Ein forstudie gjennomført av Vest-Telemark Rådet og Vest-Telemark Museum sist vinter synte at det var eit stort næringsutviklingspotensial i å satse på bygningsvern. Meir ein halvparten av landets mellomalderbygningar i tre finn ein i Telemark, og hovudtyngda er i kommunane Tokke, Vinje og Fyresdal. I tillegg kan nemnast at nesten 2/3 av bygningane er frå før 1350. I tillegg har fylket ein unik bygningsarv på  Rjukan og Notodden ifm. Norsk Hydro sin etablering på starten av 1900-talet, som no ligg godt an til å kome på UNESCO si verdsarvliste.  Med andre ord, finnst det eit stort ”marknadspotensial” for bygningsvern i Telemark.

Innovasjon Norge har finansiert forprosjektet i bedriftsnettverket og Vest-Telemark Næringshage – ein SIVA partnar – har vore pådrivar i arbeidet. Den 19. juni blei det underteikna ei avtale på forpliktande samarbeid som vil vere starten på ei klynge av verksemder innan bygningsvern. “Eg har stor von om at dette kan bli eit satsingsområde”, seier Svein Foldøy, dagleg leiar i Vest-Telemark Næringshage i Kviteseid.

 

« Tilbake til arkivet