Tekst: Bengt Flaten, Fjordingen


-Vi registrerte stor interesse for jobb i indre Nordfjord, også frå studentar utan tilknyting til regionen. Det seier Knut Henning Hjellbakk, dagleg leiar i Stryn næringshage og ordførar Sven Flo etter at dei førre veke var på rekrutteringsmesse i Trondheim. På ei messe med aktørar frå heile fylket representerte dei to kommunane og næringslivet i Stryn og Hornindal.
– Nærare 400 studentar møtte opp for å høyre og sjå kva Sogn og Fjordane har å by på. For oss som representerte Stryn og Hornindal var det interessant å merke interessa ikkje berre frå studentar heimehøyrande i vårt distrikt, men og utanfrå, seier Hjellbakk og Flo.
Interesse for sommarjobb
I ei tid med store utfordringar særleg innan oljerelatert industri, er det nok naturleg at type jobb er meir viktig enn kvar jobben er. I så måte har indre Nordfjord mykje å by på både frå eit variert næringsliv, kommunar med behov for kompetanse og i ein natur som mange ser på som spennande, seier Flo. Knut Henning Hjellbakk poengterer at mange av studentane dei snakka med var interesserte i sommarjobbar. Særleg studentar som er i ein tidleg fase av studiet. – Det å kome inn som sommarvikar i ei bedrift kan ofte vere ein god start for begge partar. Trondheim har mange studentar som utdannar seg innan tekniske fag, seier Flo og Hjellbakk. I løpet av denne og komande veke vert Stryn og Hornindal representerte på tilsvarande messer i Oslo og Bergen.
« Tilbake til arkivet