Éin million til utvikling av bygningsvern

Vest-Telemark Næringshage AS skal etablere eit bedriftsnettverk for
handverkarar som kan vedlikehalde særprega bygg i regionen.

Tekst: Line Omland Eilevstjønn

– Me tenkte: Kan alle desse små bedriftene i Telemark gjere noko stort saman? seier
Svein Foldøy, dagleg leiar i Vest-Telemark Næringshage AS. Dei har nyleg fått løyva éin
million kroner til bygningsvern i heile fylket, noko dei skal gjere ved å skape eit nettverk
av handverksbedrifter frå regionen. – Dette er ein stor moglegheit for å etablere nye arbeidsplassar. Handverksfag står veldig sterkt i bygdene. Difor kan me få til rekruttering av den lokale ungdommen, noko me håpar vil bidra til at dei blir buande i bygda, seier Åsmund Stenseth, bedriftsrådgjevar i Vest-Telemark Næringshage AS. Han var den som skreiv søknaden til Fjellsatsinga 2016.

telemark
Vil etablere handverkarnettverk: Dagleg leiar Svein Foldøy (t.v.) og bedriftsrådgjevar Åsmund Stenseth i Vest-Telemark Næringshage AS viser glade fram tildelingsbrevet frå Fjellsatsinga 2016. Foto: Line Omland Eilevstjønn

Fjellsatsinga deler ut midler til verdiskaping og næringsutvikling i fjellområda gjennom eit program som er finansiert av kommunal- og moderniseringsdepartementet. Temaet for Fjellsatsinga i år er ungdom og entreprenørskap. – Det er eit stort problem at lærlingar ikkje får lærlingplassar i bygningsvern. Me vil på sikt prøve å få til ei form for samarbeid der, seier Foldøy. – Også håpar me dette vil bidra til næringsutvikling, sysselsetting og stabilisering av folketalet i Vest-Telemark-kommunane, held Stenseth fram.

Skal famne heile Telemark

– Det er mange bygg i Vest-Telemark som treng bygningsvern. Særleg gamle trehus her i
regionen har eit stort behov. Det finst også mange mellomalderbygg i Vest-Telemark, og
bygg som ikkje er så gamle, men som likevel har verdi, seier Stenseth. Dei kan også fortelje at dei kjem til å samarbeide med Vest-Telemark museum, då dei både har god peiling på trevedlikehald og mange eigne bygningar som treng vedlikehald. Sidan Tinn og Notodden no er ein del av UNESCOs verdsarvsliste, ønskjer Stenseth og Foldøy at prosjektet deira skal famne heile Telemark, ikkje berre Vest-Telemark. – Det er enklare å få støtte viss det er over eit større geografisk område. I Aust-Telemark er det mange bygg som treng vedlikehald innan mur og betong, noko som igjen vil inkludere bedrifter med denne kompetansen i nettverket vårt. Men, satsinga er forankra i næringshagen her i Vest-Telemark, seier Stenseth. Då dei begynte å planlegge prosjektet i fjor sommar var tanken at dei ville gjere dei lokale bedriftene større og betre rusta til å ta denne typen jobbar. – Det er dumt viss berre firma utanfor Telemark skal drive med det. Det ligg mykje sysselsetting og næringsutvikling i dette, og difor vil me prøve å halde det innanfor Telemark, seier Stenseth, og legg til: – Det me ønskjer er å hjelpe bedriftene med å få opp aktiviteten, og å få dei som eig desse bygga til å gjere det same. Å skape eit økosystem av mindre bedrifter innanfor handverksbedrifter, der nokon er blekkslagarar, nokon murarar, nokon tømrarar. Dei er meir enn kompetente nok frå før av, men me vil utløyse aktivitet ved å få dei til å samarbeide.

« Tilbake til arkivet