Opnar advokatkontor i Volda

Tekst/foto: Liv Jorunn Nyhagen, Avisa Møre

Dei tilsette ved Advokatfirmaet Engelsen DA vil bytte på å vere til stades ved kontoret i Volda kvar fredag. På sikt har dei håp om å kunne utvide tilbodet. Blant advokatane som vil bemanne kontoret finn vi Krister Øie Braute, som tidlegare var konstituert sorenskrivar i Søre Sunnmøre tingrett. Han fortel at Domstoladministrasjonen sitt vedtak om å halde oppe tingretten i Volda var avgjerande for Advokatfirmaet Engelsen si avgjerd om å etablere kontor her.

møre
Krister Øie Braute, Torgeir H. Langva og Christian Garmann vil bytte på å bemanne kontoret i Volda.
Handterer alle typar saker

Advokatfirmaet har hovudkontor i Ålesund, men dei har også mange kundar i vårt område, både sør og nord for Volda. – Volda ligg godt plassert geografisk, og det er eit breitt spekter i saker her i området, seier Braute. Han viser vidare til at det er eit godt juridisk fagmiljø i Volda, som det er naturleg for Advokatfirmaet Engelsen å vere ein del av. – Det vert lettare å bistå våre klientar når vi er etablert her, og det er viktig med nærleik til klientane, slår Braute fast. I første omgang vert kontoret fast bemanna kvar fredag fram til nyttår, før det vert lagt vidare planer på nyåret. – Vi held også ope etter avtale, seier Braute. Han held fram at kontoret vil vere eit fullservicekontor, som kan handtere alle typar saker. – Vi har mellom anna spesialistar på forretningsjuss, familierett og eigedom, for å nemne noko, og kan bistå både private, bedrifter og det offentlege, opplyser Braute.

Spennande fellesskap

Verksemda leiger kontorlokale i Sunnmøre Kulturnæringshage i Storgata, og Braute fortel at han vart tilrådd å etablere kontoret der av fleire han snakka med i Volda. – Dette kontorfellesskapet er sett saman av ei mengd bedrifter som det kanskje ikkje er typisk for oss å vere i lag med, men det er eit spennande miljø, seier Braute, og viser til at lokala har fin plassering der det er lett å stikke innom. Han håper på sikt at kontoret kan verte fulltidsbemanna. Advokatfirmaet Engelsen består i dag av fem juristar/advokatar og to advokatsekretærar. Ved å etablere seg i Volda vonar dei å bidra til å seinke terskelen for å ta kontakt. – Ofte er terskelen for å oppsøkje advokathjelp høg, men vi rår folk til å vere tidleg ute og ta kontakt før ting dreg seg til, seier Braute, og poengterer at rådgjeving er ein stor del av deira jobb. – Det er faktisk få av sakene vi handterer som hamnar i retten. Målet vårt er å løyse så mange saker som mogleg utanfor rettslokalet, understrekar han.

« Tilbake til arkivet