Nordfjordeid Næringshage: Målbedrifter med «Grøn» satsing i Finland

Foto: Magne Hjelle

Målbedriftene Nordplan AS, Enøk-senteret AS, Fjordvarme AS, Segel AS og NyKunnskap AS er alle målbedrifter og har gått saman i et forprosjekt til et bedriftsnettverk dei har kalla Green Innovation Network (GIN). Dei vil i fellesskap  tilby tverrfagleg kompetanse relatert til grøne løysingar til eksisterande og nye kundar. Dei vil no utvide nettverket internasjonalt og var nettopp i Helsinki i samband med den Nordiske Passivhuskonferansen.

Den nordiske Passivhuskonferansen
Trond Haavik frå Segel hadde innlegg på konferansen om resultat frå EU-prosjektet Cohereno som handla om å etablere lokale grupperingar for oppgradering av einebustadar i 5 land. På tampen introduserte han GIN-samarbeidet. Dette vakte interesse blant deltakarane som var nysgjerrige på korleis dei evt kan bli med.

Samarbeidsmøter
Det vart gjennomført møter med  potensielle samarbeidspartnarar og ein er no i vidare dialog med VTT som er Finnlands leiande forskingsinstitutt og har ei brei erfaring innan innovasjon relatert til bygg og energisystem. Ein ser vidare på mogleg samarbeid med eit selskap som er spesialisert på solenergi.

 

Tekst: Arild Hjelmeland

« Tilbake til arkivet