Treng forslag til gode kandidatar

Prisen «Årets Nyskapar Stryn 2012»  er eit samarbeid mellom Stryn næringshage,  Stryn næringssamskipnad, Nordea, Sparebanken Sogn & Fjordane og Sparebanken Vest treng forslag på gode kandidatar.

Prisen «Årets Nyskapar Stryn 2012» skal gå til personar eller verksemder som har vist stor nyskapningsevne og kreativitet i utvikling av konsept, produkt eller eige verksemd.

Tidlegare vinnarar er blant anna Farmhouse, Moods of Norway, Leif Rune Loen, Briksdal Adventure, Alhoa Hemp og Stryvo.

Meir informasjon:

Stryn næringshage ved dagleg leiar Knut-Henning Hjellbakk, mobil: 928 98 282 eller epost: knut-henning@stryn-nh.no

Stryn Næringssamskipnad ved styreleiar Anita Vinsrygg, mobil: 994 84 176 eller epost: post@stryn-sns.no

« Tilbake til arkivet