kreativfylket.no

Innan tre år skal alle som jobbar innan kreative næringar i fylket kjenne kvarandre. Slik skal oppdrag som no går til utlandet eller bedrifter i Oslo utførast i Møre og Romsdal. Det er målet prosjektleiar Martin Foldal i Sunnmøre Kulturnæringshage har sett for kreativfylket.no.

– Ein føresetnad for samarbeid er at folk møtest. No går mange oppdrag ut av fylket for folk her ikkje veit om kvarandre. For å snu dette er målet at flinke folk over heile fylket skal få kjennskap til kvarandre.

I løpet av dei komande tre åra skal det arrangerast 120 temamøte fordelt på ti årlege møte i Ålesund, Volda, Molde og Kristiansund. I mars skal møtet for Ålesundsregionen vere ved Øygardshavna på Giske, der ulike firma innan kreative næringar held til. – Kultur og teknologi er tema. Som festivalarrangør såg Momentum behovet for eit nytt betalingssystem, og dermed vart Tikkio utvikla av Kodebyraaet, som held til under same tak. Eit godt eksempel på samarbeid mellom kultur og teknologi – og på utvikling av kulturnæring som blir nytta av musikkfestivalar over heile landet, meiner prosjektleiaren for Kreativfylket.

Illustrasjon: Ingrid dos Santos i Inky Studio www.inkystudio.com
Illustrasjon: Ingrid dos Santos i Inky Studio www.inkystudio.com

Ta gjerne kontakt med Martin Foldal i Sunnmøre Kulturnæringshage for mer informasjon, tlf: 9222 4165

Møre og Romsdal fylkeskommune står bak programmet for å utvikling dei kreative næringane i fylket.

kreativfylket.no med base ved Sunnmøre Kulturnæringshage i Volda er peika ut som hovudprosjektet.

kreativfylket.no har fått 1,45 mill.kr. av fylket for å etablere møteplassar på Sunnmøre, Romsdal og Nordmøre.

Kreative næringar: film, video, animasjon, teater, musikk. design og mote, arkitektur, web-design, reklame, foto, litteratur osv.

 

« Tilbake til arkivet