Fårefestival – Heile året

Ulv i fåreklær.
Ulv i fåreklær.

Hallingdal Næringshage AS har fått tildelt kr 500.000 fra Verdiskapningsprogrammet for Fjellregionen. Målsettinga er å auke verdiskapinga, med utgangspunkt i sauen, i alle moglege ledd. Dette vil gjelde bonden, foredlingsapparatet (eksisterande og nytt), reiselivet/hyttenæringa, handel/service, utdanningssystemet dvs. kortsagt det meste av aktivitet i Fjellregionen.

Prosjektet skal også vurdere og konkludere korleis matarrangement kan samarbeide for større næringsutvikling og verdiskaping i fjellområda. Det er eit vilkår at ein samarbeider med Valdres (Valdres Kultur og Naturpark ) om dette. Ellers er Gol Reisemål AS opphaveleg oppdragsgiver til prosjektet og det er naturleg å vurdere eit breiare samarbeid i Hallingdal.

Bakgrunn

Fjellregionsamarbeidet er eit politisk nettverk for område i Sør-Noreg der fjellet er viktig del av ressursgrunnlaget – opphaveleg definert til 12 fylke og 77 kommuner. Men alle er ikkje medlemmer i nettverket. Det arbeider for levande og livskraftige fjellbygder, verdiskaping og næringsutvikling i fjellområdene. Til dette samarbeidet er det øyremerka 10 mill kr for å styrke grunnlaget for næringsutvikling og verdiskapning. Det er Oppland Fylkeskommune som er sekretariat for samarbeidet.

Hausten 2013 vart det bede om prosjektskisser og det kom inn over 70 søknadar. Av desse er 9 plukka ut og fått tildeling innan temaet «Mat» . «Brorparten av prosjekta er å finne i Oppland, men me er heldige som kom med», seier Daglig leiar Gudmund Brekko, Hallingdal Nærinsghage AS. I Fjellregionens referansegruppa er Knut Arne Gurigard, Regionrådet for Hallingdal som naturleg nok og på objektivt vis argumenterar for dei rette tildelingane.

Utgangspunktet for prosjektskissa
Målsettinga er å auke verdiskapinga, med utgangspunkt i sauen, i alle moglege ledd og til nytte for heile Fjellregionen. Dette vil gjelde bonden, foredlingsapparatet (eksisterande og nytt), reiselivet/hyttenæringa, handel/service, utdanningssystemet dvs. kortsagt det meste av aktivitet i Fjellregionen. Kjernen i søknaden er å bygge vidare på Fårefestivalen og skape møteplassar med aktivitet og aktørar for alle med interesse i lokalmat og opplevingar der Fåreprodukta er det bærande elementet. Det skal skje med vekst i rom og tid.

Interessentar
Prosjektet vil truleg vera eit godt samarbeid mellom:

  • Arrangementorgansisasjoner
  • Sauebønder (lokale, regionale og nasjonale organisasjonar)
  • Kommunalt/regionalt næringsutviklingsapparat
  • Foredlingsapparatet (Nortura –med eit av landets største saueslakteri på Gol, Norilia – med landets største ullstasjon på Gol, og andre lokale nisjematprodusentar)
  • Reiselivet i landets største reiselivsregion med fokus både på mat- og aktivitetsopplevingar
  • Utdanningsystemet innan mat-, landbruk- og tekstilfag
  • Husflidslag (ullprodukt i alle tenkelege former)
  • Interessentar innan utnytting av skinn/skinnfell
  • Forskingsinstitusjonar (mat, ull, landbruk, SIFO osv)

Prosjektorganisering

Hallingdal Næringshage AS vil være prosjektansvarleg, kor aktuelle interessentar blir invitert for å realisere spenstige idèar organisert i ulike delprosjekt/aktivitetspakker. Prosjektet startar opp med eit kortare forprosjekt, der ein skal fundamentere organisatoriske og økonomiske løysingar som har eit varig perspektiv. Vidareføring med konkrete tiltak og aktivitet så snart som mogleg etter dette. Sjølve dette prosjektet skal være ferdig til 1. mai 2015. Prosjektet vil truleg ha behov for tilføring av meir offentlege midlar etter dette, men vil så snart mogleg måtte vera sjølvfinansierande.

Potensialet for auka lokal verdiskaping innan sauenæringa er stort. Når dei aller fleste rosar lammekjøtet som eit produkt i verdenklasse, er det synd at mykje av dette havnar som lokkevare i matvarekjedene sine haustkampanjar. Ull er óg ein lite påakta ressurs. Dette potensialet vil gjennom målretta arbeid, sikre både viktig eksisterande næring og skape rom for ny næringsverksemd. Prosjektet vil ta utgangspunkt i Hallingdal, men erfaringar vil truleg svært fort ha overføringsverdi til heile Fjellregionen.

Samarbeid med Valdres
Eit tildelingskriterium er å saman med Valdres natur- og kulturpark vurdere og konkludere på korleis matarrangement kan samarbeide for større næringsutvikling og verdiskaping i fjellområdene.

«Vi gler oss til å ta fatt på arbeidet og vonar at alle kreative og hardtarbeidande krefter vil sette alle klutar til», seier Gudmund Brekko. «Satsinga på tvers innan Fjellregionen med naturleg forankring i Hallingdal/Valdres kan være grobotn for varige gode produkt og tunge arrangmenttiltak for Hallingdal». «Godt for reiselivet, godt for produsentar og foredlingsapparatet, godt for alle som bur her eller kjøper produkta våre i marknaden». «I ei omstillingsperiode for jordbruket er det godt å samlast om noko som kan føre til ny optimisme og betre resultat på sikt», avsluttar Gudmund Brekko.

« Tilbake til arkivet