Nyskaparprisen gjekk til…

GRS Riflestocks, her representert ved Oscar Haugen, til venstre vart tildelt prisen som "Årets nyskapar" under juletreffet. Her saman med Anita Vinsrygg i Stryn Næringssamskipnad og Knut-Henning Hjellbakk i Stryn Næringshage. (Foto: Ove Sveen)
GRS Riflestocks, her representert ved Oscar Haugen, til venstre vart tildelt prisen som «Årets nyskapar» under juletreffet. Her saman med Anita Vinsrygg i Stryn Næringssamskipnad og Knut-Henning Hjellbakk i Stryn Næringshage. (Foto: Ove Sveen)

Tekst: Ove Sveen, Fjordingen.

GRS Riflestocks frå Hornindal som produserer geværskjefte til mottakarar i heile 31 land, vart søndag kveld heidra med nyskaparprisen for Stryn og Hornindal under det årlege  juletreffet i Stryn kulturhus. Det er Stryn Næringssamskipnad, Stryn Næringshage og dei tre lokale bankane som er saman om tiltaket.

GRS Riflestocks er ei raskt veksande bedrift i Hornindal, ei familiebedrift med Håvard og Oscar Haugen i førarsetet og som no har 17 arbeidsplassar.

– Folk har tydelegvis fått augene opp for at vi har skifta beite frå tidlegare produksjon av møblar, og det er kjekt for alle tilsette å få denne prisen. Vi er opptekne av arbeidsplassar i Hornindal. Alt for mange bedrifter flytter ut på grunn av prisnivå og andre ting. Vi må berre «dryle på» for fortsatt vekst, sa dagleg leiar Oscar Haugen i sin takketale.

Prisen består av ein plakett laga av Ingvild Vatn Øvreberg og 30.000 kroner. Det var tre kandidatar til prisen. Utanom vinnaren var det Vendanor (dotterbedrift) av Nomek som produserer og sel gassautomatar og Loen Active.

Det var elles stor interesse og oppslutning omkring årets juletreff. Farmhouse ved Gro og Wenche Flølo, samt designarstudent Rasmus Fannemel informerte om sommarbyrået og det som kan utvikle seg til å bli eit heilårsstudium i design i Stryn.

Avslutningsvis stod kommunesamanslåing på dagsorden. Ordførar Sven Flo informerte og gav alle bord i oppgåve å setje opp tre alternative forslag til samanslåing. Resultata vart presentert og ikkje utan overraskingar: Skjåk vart trekt inn i fleire forslag. Ingen hadde forslag om heile Nordfjord som ein kommune. Ein ting var likevel sikkert: Alle ser Stryn og Hornindal i same konstellasjon.

« Tilbake til arkivet